onsdag, januar 30, 2008

Arangenseren er ferdig !


I kveld strikka eg ferdig genseren. Har berre att å feste trådar etc. og så skal eg vaske den så den blir mjuk og god. Håper at mottakaren likar den og at det blir litt vinter slik at ein kan bruke tjukk genser!
Denne genseren var kjekk å strikke, men eg måtte holde fokus elles gikk det gale, sjølv om eg har strikka mykje meir utfordrande aranmønster enn dette før.
Margrete var til tannlegen med nr.1 i dag; nr.3 og fire var med. Nr 2 var på skulen. Dei var oppom oss ein snartur.
I morgon er det lunsj med naboveninnene-Marit U er heime åleine.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Så fin gensaren blei! Ser god og varm ut og! Hilde

Anonym sa...

Gomba er nok laga i Gloppen ja, men ikkje på meieriet. Er ei som heiter Fjellestad som lagar gombe heime på garden. Audny

Dagbok 2026: 27.oktober

Klokka er 17.40, men det er bekmørkt ute, det er vel på grunn av at vi har gått over på "vintertid" at det vert mørkt så tidleg., ...