søndag, august 31, 2025

Dagbok 2025: 31,.august


 Klokka er no21.04, temperaturen ute er +17 grader, det er overskya , men opplett. Eg kom nettopp heim frå selskap hos Margrete. Svein henta meg her heime ca kl.15 og vi tok ferja til Folkestad. Amanda og Martin var alt på plass då vi kom. Margrete har to hundar ein mørk litt gammal - Charlie og ein lys  som er ung- Dennis heiter han. Amanda har halvbroren til Dennis, Albert.  Og alle hundane er glade for å få besøk-trur eg.

Magrete hadde laga ein ny rett til middag, og den var god. Vi åt og prata om alt mellom himmel og jord. Og så fekk vi dessert, kaker og kaffi. Og alt var godt Eg sat på med Svein tilbake til Ørsta, og vi var heldige for vi rakk akkurat ferja, så vi slapp å køyre rundt.

På føremiddagen var eg heime, strikka litt og såg TV. Og så var eg oppe med Marit ei stund.


Margrete og Amanda, begge oppkalt etter mor mi, som heitte Amanda Margrete.

Bilda eg har tatt i dag er ikkje mykje å skryte av, eg har berre knipsa litt.

Far min vart fødd den 31.august1899, så i dag tenkte eg litt spesielt på han. Han døde i 1961, så han vart ikkje så gammal.  

lørdag, august 30, 2025

Dagbok 2025: 30.august


 Klokka er no  øyeblikkeleg 19.00, temperaturen ute er +  19 grader C, og sola skin. Erlend har vore her med meg ei stund no, det var noko han måtte"reparere " på Tv-en, det vil seie -noko på innstillingar etc.som  vi har felles. Eg er no glad for å ha ein i hus som kan fikse litt av kvart. Eg er ikkje flink til slikt.

Det har elles vore ein litt sløv dag, eg har ikkje gjort så mykje i alle fall. Eg var oppe hos Marit ei stund på føremiddagen. Etter at eg hadde ete middag køyde eg ned til Vik der det var utekonserten " Musikk i sentrum". Der var masse folk og sitteplassane var okupert for lenge sidan, så eg greidde ikkje å stå der så lenge. Eg fekk ikkje sjå Erlend på scena i dag. Men som han seier, dei kunne ha hatt mykje meir sitteplassar, for dei veit at det kjem mykje folk. Eg køyrde heim att etter ei lita stund og handla på KIWI på heimvegen.

Som sagt har Erlend og eg hatt oss ei pratestund, og i morgon skal vi inn til Margrete og ete middag, då kjem vi truleg til å sitte på med Svein. Eg køyrer ikkje bil når det er mørkt. 



fredag, august 29, 2025

Dagbok 2025: 29.august


 Klokka er no 19.57, temperaturen ute er +17 grader C, det er overskya , men opplett. Når eg står på altanen og skal ta bilde, reagerer eg alltid på at eg nesten ikkje får sjå fjorden fordi det er så mange tre som øydelegg utsikten for meg, eg har ein mistanke om at litt av trea er mine-men berre litt. Eg er motstandar av høge tre i hagar, så sant dei øydelegg utsikt for meg eller andre.  Det hjelper litt at lauvet fell av om hausten.

Dagen i dag har ikkje vore så spennande. Det første eg gjorde i dag var å fullføre sudokuen i Møre-Nytt, eg begynte på den i går kveld, men måtte gi opp. I dag ei stund etter frokost kom eg i mål. Og det var bra!

Eg har vaska så mykje før i veka at i dag vart det berre litt vask, men i staden støvsuga eg alle teppegolva mine. Og så overraska eg meg sjølv med nydeleg middag etterpå. Det var spekesild(kryddersild) med poteter og anna tilbehør. Det er ikkje ofte eg lagar skikkeleg middag, men i dag blei det. Det vart ein grand drikking etterpå, og så vart eg brått så trøtt at eg la meg på dagsenga mi-ei lita stund. For så gjekk eg opp til Marit og prata om laust og fast, som så mange gonger før.

Eg har lyst å gå på Vernet, men eg må spare foten min for for mykje mosjon, den er ikkje heilt god, men eg har ikkje vondt når eg er i ro. Når eg strikkar får eg vondt i venstre tommelen, det kjem vel av at det var der eg braut handa-sjølv om det er lenge sidan no.

I morgon er det laurdag, og då tek eg kanskje ein tur til VIK og ser på folkelivet der. Marit og eg drøymer om ein biltur rundt Berkneset, men eg veit ikkje om det blir eg som køyrer der. Det er så lenge sidan eg var der at eg har gløymt mykje. Eg er i grunnen ikkje vand med å køyre turar, eg køyrer stort sett berre i sentrum m.m.

Det er fredags kveld, og eg håper det blir noko kjekt på TV.

Ønsker alle som er innom bloggen ei fin helg.


Det har vore lite blomstring denne sommaren, men det er i alle fall grønt og frodig i hagen.

torsdag, august 28, 2025

Dagbok 2025: 28.august


Klokka er no 20.16, temperaturen ute er + 16 graderC, vi har hatt fint ver i dag, men ikkje sol heile tida. No er det like før sola går ned her, men somme stader i bygda har dei sol utover kvelden.

I dag starta eg opp dagen med å gå på trening, eg trener litt meir for kvar gonng, sjølv om venstrefoten ikkje er heilt god.

Etter treninga køyrde eg opp til KIWI og kjøpte ein lyng-blomst til grava. Eg gjekk ut frå at den blomsten eg hadde planta i sommar var moden for avlasting.

Eg hadde mange reiskapar med meg for å få rydde litt. Men graset veks og mosen likeså, det er vanskeleg å få der fint. Men eg gjorde mitt beste. (Blomsten som eg tok frå grava i dag, planta eg i eit bed her.)

Etterpå for eg heim, og i dag var eg trøtt, det brukar eg ikkje å vere, men eg blei sittande lenge i godstolen og sjå TV, før eg gjekk ut. Eg hadde ikkje tenkt ut noko eg skulle gjere i dag, men eg fann på mykje som trong ei oppshining før eg tok kvelden med TV og strikketøy.


                                              Kveldsol i Mosmarka


onsdag, august 27, 2025

Dagbok 2025: 27.august



Klokka er no 18.00, temperatiuen ute er ca + 20 grader, det har vore mukje sol i dag, men no skyar det over.

Eg har voldsom energi for tida (alt er relativt) så i dag stte eg i gang å vaske kjøkkenet, dvs. vegger og golv etc. Taket fekk eg ikkje heilt taket på , så det får eg ta att-eg har ein plan. Kjøkkenet var ikkje spesielt skittent, men eg likar å shine der opp av og til. Det er favorittrommet mitt. I dag fekk eg vaska pynte- koppar og fat i maskin, og gardinene vaskar eg også i maskin , og tek dei ut av maskina og heng dei opp straks. Dei blir så fine-utan stryking etc.

Eg var ein tur opp til Marit i dag også, men så måtte eg gjere meir. Då er det berre å gå ned i rote-kråa i hagen, der er alltid noko ein kan gjere. Det er berre det at eg kan ikkje gjere alt eg vil, for eg har ein Rygg! Venstre foten er heller ikkje heilt bra, så eg går ikkje på Fonnvernet. Men i morgon skal eg på trening igjen og så har eg planer om å fare fram på grava med ein lyng-det er tid for lyng no, trur eg. Heldigvis har dei blomster på butikken het på Vallabøen, det er greit somme tider.

No skal eg sette meg til å sjå TV, trur eg, og så har eg strikketøyet.


 

tirsdag, august 26, 2025

Dagbok 2025:26.august

Klokka er no19.22 temperaturen ute er+ !7 grader C og sola skin enno etter ein kjempefin dag.

I dag starta dagen med trening, og etter treninga for vi beine vegen heim.Med det samme eg kom heim fylte eg bilen med hage-avfall og reiste beine vegen på VØR. Då eg kom heim att jobba eg litt i hagen, med å klippe litt her og der m.a. Så vaska eg klipparen og sette den på vent.

Eg sat oppe hos Marit ei stund, ho må sitte med eine foten høgt for det meste , men ho KAN gå også.

I dag hadde eg klipt graset oppe ved postkassane, men eg ville shine der opp litt meir, så eg begynte å klippe gras for hand attmed steinane(bildet over) og det gjekk så vidt at eg rensa ugraset vekk på heile tunet. Verst var det heilt oppe mot gata. Men det blei no nokså fint til slutt. Så fekk eg gjort ein jobb i dag også, det er viktig for meg. No har eg ete meg eit godt måltid mat, så no skal eg slappe av med TV og strikketøy. 

Snakka litt med Erlend i dag, han har vore og stemt på førehand og eg fekk vite kven han hadde stemt på. 


 

mandag, august 25, 2025

Dagbok 2025: 25.august.


Klokka er no18.42, temperaturen ute er +16 grader C og sola skin. Vi har hatt ein fin dag, og eg for min del har vore ute heile dagen, Berre inn og få litt mat av og til.

Først jobba eg i det som er den mest rotete delen i hagen, eg heldt på der så lenge eg hadde sen i kantklipparen. Eg synest eg fekk gjort mykje, men der står ein del att også.

Eg gjorde også noko som ikkje var så nødvendig. Ovafor plommetreet ligg der ein stor stein, eg synest det er så kjekt å ha den steinen, og når sola skin kjem det sølvprikkar på den. No har det vore så mykje væte og så mykje mose at steinen var nesten vekke. Så i dag gjorde eg det eg kunne for å få den fram i lystet igjen. Eg grov vekk mose med ein kniv etc, og til slutt spylte eg vekk alt som var laust. Då sola traff steinen , såg eg sølvet.

Etterpå klipte eg plenen nedanfor huset, det vart til at eg klipte den to gonger fordi eg ikkje hadde stilt ned nok første gongen. Klipte mykje nede i skråninga også. 

Då eg hadde jobba ferdig gjekk eg opp til Marit som sat ute. Vi sat og prata heilt til heimesjukepleien kom.

I morgon er det trening igjen, men eg synest eg har hatt bra trening i dag også. Foten min er ikkje heilt god,men det går bra likevel.No skal eg finne meg nokre godbitar i kjøleskapet.
 

Dagbok 2026; 20.september

Eg stod på altanen og såg ned på svartsurbær buska mi, der er ikkje mykje bær att, og eg har ete ganske mykje av bæra i år. No er det ikkje ...