torsdag, mai 01, 2025

Dagbok 2025:1.mai


 Klokka er no16.37, tempereturen ute er +10 grader og det regnar, men i dag begynner vi på den  skjønne, milde mai, så då håper eg vi får ein mai-månad like så fin som i fjor.

I dag morgon vakna eg relativt tidleg som alle dagar. Eg gjekk straks ut på altanen og skulle heise flagget. Men så såg eg på klokka og lurte på om der var grense for kor tidleg ein skulle heise flagg. Eg sjekka på nettet og det var bra for eg var nok litt tidleg ute. Så eg tok inn att flagget og laga meg frokost. Klokka8 var eg klar for flagg igjen.


Eg hadde ingen planar for dagen, og det er dumt for så kjem ein seg ikkje til med noko heller-anna enn å sitte framfor TVen og strikke. Eg vart sittande ei stund før eg kom meg ut og gå min daglege tur på Vernet. Veret var ikkje så strålande, men det var no nesten opplett, så det gjorde godt med ein tur. Eg møtte berre 2 som eg kjenner i dag , eit par med hund.Men der var folk ute og gjekk -det leid lang ut på føremiddagen.

Då eg kom heim laga eg meg litt mat, men ikkje middag akkurat, det kan det bli seinare.

Eg har ikkje vore så flittig å vere i lag med dei som er på samme lag som eg. Eg er innmeldt i eit parti, og eg betalar kontingenten min, men går aldri på møta, så eg vart ikkje i lag med dei andre denne dagen heller. Nils var meir aktiv i politikken, men eg har stort sett vore sympatisør. Sakna litt dei tilstellingane vi har brukt å vere på i Volda, også etter at Nils var død, men eg trur ikkje det er samme opplegget no.Eg kan høyre med Margrete.

Altså har eg vore her heime, strikka, sett TV etc. Og det er heilt greit for meg. Men i morgon trur eg det må bli ein tur til Vik for å handle litt. Vi skal no snart ut og reise, så då treng eg å  oppdatere meg litt i klesvegen.


Overskya på flaggdagen, håper det blir finare den 17.slik som i fjor-

onsdag, april 30, 2025

Dagbok 2025: 30.april



 


Klokka er no 20.06, temperaturen ute er ca +10 grader og då eg kom ut på trappa såg eg at det hadde regna, det visste eg ikkje noko om. Det har ikkje hendt så mykje i dag, men litt har eg no å fortelje. Eg hadde ikkje planlagt dagen så nøye, men eg måtte i alle fall ein liten tur på butikken. Eg tok med meg to store plastsekker fulle med tomflasker;har ikkje panta sidan før jul, trur eg.

No er heile butikken omkalfatra så eg måtte gå inn og spørje kvar eg skulle gå med tomgodset mitt. Det var ei kjekk løysing, eg gjekk på fortauet på nedsida og så var det berre å late opp ei dør, så var eg der. Inne i butikken fekk eg kjøpe papirpengar, det er meir lettvint enn Minibanken.

Eg er veldig fornøgd med nærbutikken vår etter at dei har pussa opp og bygt om.

Då eg kom heim att gjekk eg tur på Vernet, Der var ikkje mykje folk i dag, men eg vart kjend med ei dame som eg aldri har sett før. Ho jobba på eit kontor og hadde snike seg ut i matpausen. Ho var lett og kjekk å snakke med- men eg kjem ikkje til å kjenne henne igjen om eg ser henne....eg har problem med å kjenne igjen folk-det har eg alltid hatt, men så lenge eg hadde Nils med meg var det ikkje problem for han kjende att alle som han hadde sett før-

Eg laga ikkje middag i dag, brukar ikkje å gjere det så ofte, men så lagar eg meg kanskje noko godt til kvelds.

No har eg sete ei god stund og sett TV og strikka.


I beddet nedanfor garasjen brukar eg å stikke ned slikt som eg finn rundt omkring - til dømes tulipanløkar, det er derfor det ser så rotete ut, men det bryr eg meg ikkje om. Når tulipanane har blomsta ferdig, kan eg  rydde beddet.

Eg har ingen planar for morgondagen. Før var vi alltid i Volda 1.mai, men no er det visst ikkje same programmet som før.


tirsdag, april 29, 2025

Dagbok 2025: 29.april 2025

Trappa med 43 trinn gir litt ektra trim

 Klokka er no15.20; temperaturen ute er +8 grader og det regnar. Og det likar eg dårleg for vi har blitt vande med finever og vil helst ha det støtt.

I dag var det trening og Marit var med. Etter treninga hadde vi ærend på ALTI; og etter at vi hadde handla skeia vi ut med kaffi og kake i kafeen under trappa.

For å bruke opp nokre av kake-kaloriane då eg kom heim gjekk eg på Vernet.. Eg skal helst ikkje gå på Vernet etter trening(det har eg bestemt), men det er lov å bryte reglar - særleg dei ein lagar sjølv. Det regna litt mens eg var der oppe, men det gjorde ingen ting. Då eg kom heim var det diverse i postkassa, mellom anna noko  som skulle betalast. Men så var det trøbbel med banken, så eg må prøve seinare.


Den raude rhododendronen blomstrar no, det er vel ein tidleg sort. Synd at regnet kom før eg var heilt ferdig med å klippe graset i hagen. "Graset" som står rundt rhododendronen er restar frå dei små blå blomstrane som kjem først. Eg håper regnveret går over for eg har så mykje eg skulle ha gjort i hagen.

Eg har ete eit måltid som eg kalla middag, så no skal eg slappe av litt med TV og spøt.

mandag, april 28, 2025

Dagbok 2025: mandag 28.april

 


Klokka er no 17.43, temperaturen ute er + 8 grader og det regnar jamt. Eg har nettopp vore ein tur på Vernet og i dag gjekk det heilt fint å gå, var ikkje låk i ryggen lenger. Det er no litt forfriskane å komme seg ut sjølv om veret er vått. Eg var dum som ikkje tok regnjakke på meg ,men gjekk i boblejakka.

Temperaturen ute er +  grader og på vervarslinga på PC-en står det "Regn kommer", ja, eg tviler ikkje.

Eg hadde ikkje store planar for dagen, men sidan eg ikkje hadde noko eg "skulle" så gjekk eg no her og styrte litt,  eg var også opp til Marit ein tur og fekk høyre litt frå gårsdagen. Her heime har eg "rydda" litt-det er ein jobb som aldri tek slutt.Eg har også strikka litt og sett TV- eg kan ikkje strikke utan å sjå TV, og heller ikkje sjå TV utan å strikke.

Då Einar var herpå laurdag, var vi bort på Plantasjen og kjøpte mold. Eg kjøpte også litt grasfrø, men sidan det var nokså dyrt tok eg den minste pakken. Då eg kom heim såg eg at det var gras og BLOMSTER- frø eg hadde kjøpt. No lurer eg på om eg skal bort å bytte eller om eg skal lage ein blomstrete plen ein plass.

Eg er litt lei for at fineveret tok slutt før eg var heilt ferdig å klippe graset. Dessutan har eg ikkje fått tatt opp alle løvetann -plantane . Alt kom så fort i år. I morgon skal eg på trening, men neste veke får eg det travelt, for då skal eg til lege og frisør i tillegg til det vanlege.



søndag, april 27, 2025

Dagbok 2025: 27.april

 
Klokka er no18.00, temperaturen ute er + 11grader C. det har vore opplett før i dag, men akkurat då eg skulle gå tur begynte det å regne.Eg hadde utsett turen på Vernet til langt på dag, men eg bestemte meg for å gå turenlikevel, så eg henta paraplyen og gjekk i veg, Men det vart ingen lang tur for eg vart så låk i ryggen med det samme eg skulle gå at det art berre ein liten svipptur i nærområdet, men det var litt kjekt å sjå inn i hagane til naboar for å sjå kor fint dei hadde stelt til.Det er mange som har veldig fine hagar. Før eg var komen heilt heim var eg mykje betre i ryggen. Men eg trur likevel at eg sløyfer Vern-turen.

I dag har eg vore heime åleine heile dagen, så eg har slappa mykje av og så har eg strikka. Elles har eg ikkje gjort så mykje. Marit og eg hadde planlagt å gå på basar i dag; koret til Janne skulle synge blant anna. Men så trekte eg meg for eg hadde brått ikkje lyst ned. Men eg visste at Marit skulle treffe ei som ho kjenner, men ikkje har sett på lenge. Så då saknar ho vel ikkje meg,får eg tru.
I morgon er det ikkje noko eg skal, men eg hadde håpt at det skulle bli fint ver, for det står att litt gras her og der, Eg har no ein stuttorv om det skulle bli bruk for "handarbeid".
Mandagane har eg ikkje noko som eg må, så då får eg ta ein liten tørt her heime , anten ute eller inne, her er mykje ugjort.



 

                                                  Porsevegen
Viss nokon lurer på kvar dette er, kan eg opplyse om at eg stod på same staden då eg tok begge bilda. Eg måtte berre snu meg.

lørdag, april 26, 2025

Dagbok 2025: 26.april

 

Klokka er no 18.34, temperaturen ute er + 12 grader, og sola skin. Det har vore enda ein nydeleg dag i den finaste våren eg kan hugse.

I dag starta vi med å fare på butikken, Marit og eg, men så fekk vi besøk begge to-så vi måtte skille lag for ei stund. Eg fekk besøk av Einar som hadde lese at grasklipparen  min streika og han ville sjå på den. Men eg trudde ikkje at han ville få den til, for eg trudde det var noko gale med maskineriet. Men når han grov vekk alt graset som hadde klompa seg til-DÅ gjekk maskina, og Einar klipte storparten av skråninga før eg ropte han inn for at vi skulle ete middag og drikke kaffi i lag.Eg var sjeleglad for at eg slapp å kjøpe ny klipper.  Eg spurde Einar om vi kunne fare bort på Plantasjen og kjøpe mold og grasfrø, og det kunne vi. Så no er alt i orden har.

Så gjekk eg ein tur på Vernet og der møtte eg eit ektepar som kjende meg, men eg kjende ikkje dei, vi prata no litt med kvarandre likevel.

Då eg kom heim att klipte eg resten av skråninga sånn på halv 8 , men godt nok til over helga. Så spylte eg klipparen, og tok kveld. Eg syntest det er rart at det er laurdag no igjen-vekene går så fort-

Ønsker alle ei god helg . Nyt det fine veret mens vi har det.




fredag, april 25, 2025

Dagbok 2025: 25. april


 Klokka er no16.30, temperaturen ute er + 11grader C og sola skin frå skyfri himmel. Og eg hadde engen ting eg måtte i dag, men mykje som eg gjerne ville få gjort. Eg stod ikkje tidleg opp i dag, men prøvde å sove litt lenger enn vanleg. Etter frokost var det rett ut i hagen for å klippe graset-det gledde eg meg til. At klipparen ikkje starta ved første forsøk brydde eg meg ikkje om, for etter ei lita stund var det full fres. Å! det var kjekt å få klippe graset igjen for jammen var der mykje. Då eg hadde klipt ei stund sette eg meg bort og prata med naboane, før eg heldt fram. Alt gjekk bra før eg tok pause og gjekk inn-då eg kom ut att fekk eg ikkje start på klipparen; eg såg kva som var gale, men kunne ikkje få fiksa det.

Eg heldt på ei stund med anna arbeid som eg kunne gjere utan maskin, men det mona liksom ikkje noko. Eg var skuffa for eg hadde tenkt å klippe heile hagen- og det fekk eg ikkje gjort i dag. No håper eg berre at det er nokon som er litt smartare enn eg, som kan få klipparen i arbeid igjen. Her var veldig mykje gras i år, truleg fordi vi har hatt så mykje fint ver-og ingen snø eller kulde.

Eg lurte på om eg skulle gå ein tur på Vernet no, men klokka er så mykje at eg slår meg til ro og tek fram strikketøyet og set på TV. Eg er litt spent på korleis det går med nordmennene i Amerika(Eg tenkjer på Støre & Co)

Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei fin helg og sjølv håper eg på at sola må skine.

Så vil eg henge på ein liten gratulasjon til Wenche som har bursdag i dag. Gratulerer med dagen, Wenche! Eg ser fram til at vi skal til Kongsberg i konfirmasjon 10. mai, det er yngste guten som skal konfirmerast i år, den yngste av alle barnebarna mine.

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...