fredag, mai 05, 2017

Dagbok 2017: 5.mai


Klokka er 18.30, temperaturen + 18 grader, før i dag var den oppe på + 21 grader. Det har vore ein fantastisk flott dag. Og eg skal innrømme at eg vart nokså lat i finevêret. Arbeid får ein ta att når det skyar over.
Etter at vi var ferdige med morgonstellet og HBO 1 hadde vore her, fekk eg vere med naboane ned på Amfi og handle, måtte innom apoteket, og så kjøpte eg maten på Bunnpris. Fekk god hjelp av Solveig og Gudmund i dag. Til førre helga handla eg ingen ting, for eg ville ete tomt. Det greidde eg/vi til ein viss grad, så i dag fekk eg vaska og rydda i kjøleskapet før det vart fylt opp igjen.
Nils fekk lyst på blomkålsuppe då han såg at eg hadde kjøpt blomkål, så det vart lunsjen i dag.
Etter lunsj la eg meg ut på altanen og høyrde lydbok. Det KAN hende eg sovna litt, for eg var ikkje heilt klar då mobilen ringde og eg la den til øyret utanpå lydbokledninga. Eg forstod ikkje bæra av det vedkomande sa før eg fekk ruska ut pluggen. Og til alt overmål var det legen på Ørstaheimen som ville høyre korleis det gjekk. Eg fekk no forklart henne korfor eg var så "uklar" og resten av samtalen vart grei. Nils får ha rommet ståande til mandag. Viss han framleis kan vere heime, tek dei rommet i bruk, men han er sikra plass når det blir nødvendig.
Klokka 16.00 kom HBO 2, ho var utlending, men vi greier å forstå kvarandre. Eg trur det er mange austeuropearar i helsevesenet, og dei er flinke.
Nils la seg ut på altanen ei stund, då det ikkje var så varmt lenger. Vi ser nesten kor graset gror og lauvet sprett. Og Nils følgjer med på fuglelivet. Han har hatt ein god dag i dag også.
Solveig og Øystein, Margrete og dei to yngste barna er på veg til Kongsberg og Eivind sin konfirmasjon som er i morgon.
Eg måtte skrive blogg tidleg i kveld, for spenninga er stor i Volda-Ørsta i kveld når to voldingar er med i semifinalen til Norske talenter. Louise har vore i pensjonistlaget og sunge to gonger, dessutan går ho i klassen til Amanda, og Bendik spelar i eit lokalt band, blant anna. Vi heiar på begge, men det skal vel noko til at begge går vidare. Så i kveld blir det å sjå på TV 2 og ta opp på NRK i staden for omvendt.
Kanskje rekk eg å ta inn klesvasken og legge i hop kleda først?
I alle fall ønsker eg alle ei god helg. I morgon får vi besøk av Einar.

torsdag, mai 04, 2017

Dagbok 2017: 4.mai


Klokka er 19.45, temperaturen er + 15 grader og vi har hatt ein flott dag, sjølv om det kom nokre skyer utpå dag.
Eg har ikkje hatt noko storarbeid føre meg i dag, men nok å ta meg til. Første HBO var venta klokka 10.00 i dag, så eg var oppe i god tid, og fekk også Nils på beina før sjukepleiaren kom. Han slapp sprøyte i dag tidleg for då tek ho prøven før han har ete. Så skulle eg rydde litt i huset lage frokost til Nils etc. før eg gjekk i dusjen. I dag berre MÅTTE eg vaske håret. Eg hadde skrive på FB at Nils skulle vere heime åleine mens eg var på møte. Matias tok hintet og kom oppom og var her ei stund.
Eg gjekk nedover, men var plukka opp av naboen nede ved kyrkja og sat på med henne siste stykket.
Møtet varde ikkje så lenge, og eg gjekk heim att.
Så var det å lage til litt mat til oss to, og så kokte eg kaffi med det samme. Det var bra, for Håkon kom innom for å vise Nils gummimakkane han hadde kjøpt. Det er slikt som liver opp kvardagen for han. Håkon kunne ikkje vere her så lenge- så han slapp å bli utnytta. Denne gongen.
Nils villeprøve å ligge på solsenga på altanen ei lita stund, og det gjekk fint, men han torde ikkje sole seg for lenge. Eg skreiv eit lite avisinnlegg innimellom, men då det vart min tur å ligge ute, skya det over. Seinare skreiv eg referat frå møtet i dag
Klokka 16.00 kom HBO 2 og målte sukker, og då måtte han få sprøyte, og no ventar vi på nr. 3.
Vi har med andre ord hatt eit tett program i dag. Men Nils seier at han har hatt ein god dag, og ikkje noko er viktigare enn det.  Eg synest det er godt å ha han her heime, det er betre for meg enn å sitte på eit rom på Ørstaheimen. Men godt å ha rommet der i beredskap om han skulle trenge det. Dei ringer frå heimen kvar dag og spør korleis det går med Nils, så eg føler at vi blir godt tatt vare på no.
Så vil eg ønske dei som reiser til Kongsberg i morgon ein fin tur. Køyr forsiktig !

onsdag, mai 03, 2017

Dagbok 2017: 3.mai


Klokka er 20.30. Dei to temperaturmålarane viser ulikt, den eine står på +18 grader, den andre på+ 13, trur nok sola har vore bort på den eine. Men i alle fall har det vore ein nydeleg og mild dag. Varmepumpa har fått kvile og vi har hatt opp dører og glas. Det har tross alt vore ein lang "vinter" med mykje innevêr.
Ikkje det at eg har vore så mykje ute i dag heller. Det krever litt å vere pasientvenn og personleg assistent også. Eg er ikkje vant med å gjere så mykje i huset når eg er her åleine, men når vi er to må eg lage mat for eksempel. I dag hadde vi Carlo spekesild med mandelpoteter og kålstuing til. Det er noko av det beste eg veit, men så et eg for mykje og blir gåande å drikke resten av dagen.
Eg fekk endeleg rydda jordbæråkeren i dag. Eg toler lite å bøye ryggen min, så midt i arbeidet la eg meg rett ned på marka - og vart bra!
Margrete var innom ein snartur, det samme var Torbjørn og Marit. Elles har HBO (Heimebasert omsorg)-dvs. heimesjukepleien, vore innom tre gonger for å måle blodsukkeret til Nils, i dag morgon slapp han sprøyte, likeins i kveld, men midt på dagen måtte han få ein injeksjon. Han er framleis pasient ved Ørstaheimen-men på permisjon heime. Heimesjukepleiarane er snare, berre så vidt innom.
Eg hadde tenkt å legge meg ut på solsenga i dag også, men det var nesten kveld før eg kom meg ut. Likevel fekk eg meg ei fin stund med lydboka -og sjølvsagt sovna eg. Måtte gå inn att litt før klokka 20, for då vart sola borte bak rekkverket.
Nils har hatt ein ganske bra dag, synest det er så bra at han får vere heime no vêret er så fint.
I morgon skal eg på styremøte i pensjonistlaget kl.12.00-på biblioteket.

Om sommaren har dei mest sol på andre sida av fjorden.

tirsdag, mai 02, 2017

Dagbok 2017: 2.mai

Denne kjekke guten fyller 11 år i dag. Han er aktiv basketballspelar på eit lag som heiter "Kongsberg Miners" om eg har forstått det rett.( Eg er ikkje så godt inne i alle ballsportar.) Ein kjekk gut er han i alle fall og vi håper han har hatt ei fin bursdagsfeiring i dag. Det neste som står på programmet i den familien er at storebror skal konfirmerast komande laurdag, før han fyller 15 år den 16.mai. Minstebroren hadde bursdag i mars. Det er lett å halde orden på kor gamle dei er, for det er akkurat 4 år mellom kvar.
Gratulerer med dagen, Vebjørn !

Klokka er 20.00, temperaturen er + 14 grader C og  det har vore ein flott dag, med sol frå skyfri himmel, og slik skal det visst fortsette veka ut. Eg hadde planar om hagearbeid før middag, men først måtte eg rydde og vaske litt inne. Utpå føremiddagen ringde Nils og fortalde at han kunne få komme heim og vere nokre dagar viss han- og eg-ville. Det einaste dei gjorde der ute på heimen var å gi han medisinar etc. og tablettar kan han ta heime. Eg gjorde meg klar og gjekk ut på Heimen og pakka i hop sakene hans -har drege med meg så ymse utover. Rommet skal stå klart til å ta imot han om han må innleggast igjen. Ja, det har vore mykje inn og ut av sjukehus og sjukeheim siste halve året, og vi kan nok ikkje forvente at dette var siste gongen. Men veldig fint for han å få kome heim no når det er så fint ver. Fint for meg også å sleppe og gå ut dit kvar dag og sitte inne på rommet når sola skin, og traske heim att seint på kveld.
Her har vor to heimesjukepleiarar i løpet av dagen. Først ei for å sjå og høyre kva vi treng av hjel, og så kom det ei i kveld og målte blodsukkeret. Det stig nemleg når han tek prednisolon. Nils har vore i god form i dag, han har ringt og snakka med fleire i slekta t.d.
Eg la meg ut på altanen ei stund for å nyte sola, og der sovna eg. Ikkje så rart, for eg har vore seint oppe om kveldane.
Mens eg var vekke hadde ei av naboane vore her med raude roser. No håper vi på at vi skal få nokre gode dagar her heime.
Nils har funne seg ein fotballkamp på TV-han er blitt veldig TV-avhengig etter at han vart dårleg. Det er ikkje så mykje anna han kan ta seg til.

mandag, mai 01, 2017

Dagbok 2017: 1.mai

Olaug Marie Trovåg sitt bilete.

Klokka er 23, temperaturen er + 5 grader og vi har hatt ein strålande dag utan ei sky på himmelen.
Eg kom nettopp inn døra, og først av alt måtte eg ta inn flagget. På heimvegen kom eg på at eg hadde gløymt det då eg var heime ein tur i 19-tida. Det var ganske flaut.
I dag vart føremiddagen kort. Eg låg ganske lenge, for eg la meg til å lese etter at eg var vaken.
Så hadde eg ei viktig oppgåve, det var å lese av begge straum-målarane, noko som i alle år har vore Nils sin "jobb". Og ei stund prata eg med naboane mine og så - var eg så dristig at eg la meg ut på solsenga for å nyte sola og finevêret- for første gong i år. Då fekk eg lese ferdig boka mi også.
Klokka var vel 15.00 då eg tok turen til Ørstaheimen. Eg fann ikkje Nils på rommet hans, han hadde sett seg ut i lag med dei andre for å feire dagen, med lefse, søst og kaffi.
Då eg kom vart vi vist ut i ei fin stue med store vindu, der vi fekk sette opp altandøra og få inn frisk luft. Men det varde ikkje lenge før der kom ei rullatordame som ikkje tolte "gjennomtrekk". Det var mange som hadde døydd av det. Så snart vi var ferdige med kaffien gjekk vi inn på rommet, så Nils fekk legge seg ned på senga og kvile, det er travelt for han å gå rundt med rullator, men han klarer det.
I dag tidleg var han sveitt og sjabby, som vanleg, men når han fekk vaska og stelt seg og fått medisinar, gjekk det betre. Då åt han også. Og så ringde han heim til meg og sa at han var i fin form. Han veit at eg blir glad for det.
Margrete og dei tre heimeverande borna kom bortom ein tur etter at dei hadde vore på 1.maiarrangement i Volda. Då Solveig og Øystein kom litt seinare gjekk dei. Solveig og eg var heimom hit ein tur mens Øystein og Nils såg fotball på TV.
Dei vart ikkje så lenge dei heller, dei såg vel at Nils var litt sliten, og så har dei andre gjeremål. Eg sat stille med lydboka mi mens Nils såg ferdig fotballkampen. Så såg vi litt TV i lag før vi tok kveldsstellet. Han likar at eg er der når han skal legge seg. I kveld var han trøytt, så eg håper han får ei god natt.

Bok nr. 16 - 2017: Den talentfulle bøddelen

Den talentfulle bøddelen
Om en manns intense vilje til å gjenopprette sin selvrespekt
Leon Gabrielsen ble dømt for drap på en kioskeier, men klarte å rømme fra Oslo fengsel og komme seg til Iran, der faren bor. Han kjører taxi, og han er en av dem som henger løkken rundt halsen på drapsmenn. En flombelyst kveld hvisker en av de dødsdømte ham noe i øret. Det han får høre, gjør at han bryter med sitt nye liv og kommer seg til Norge med ny identitet. Han har skaffet seg et oppdrag: Å få en agent for den iranske etterretningen ut av fengsel. Imens etterforsker PSTs Ellen Marie Moi et drap på en eksiliraner. Har drapet sammenheng med det hemmelige forhandlingsmøtet mellom Iran og USA? Og har Leons oppdrag sammenheng med det samme møtet? Den talentfulle bøddelen handler om en manns intense vilje til å gjenopprette sin selvrespekt.
.....................................................................
Etter ei stund på solsenga i dag kom eg endeleg gjennom denne boka. Det har vore mange tilbakespolingar, både på grunn av manglande konsentrasjon og manglande interesse . Dette var ikkje ei bok etter min smak, men eg seier ikkje at den var dårleg. Av ein eller annan grunn er det mest krimromanar som kjem på lydbok, dessverre.
Litt artig for meg at to av PST folka heitte Ellen Marie og Olaug (uttalt Oleu).

søndag, april 30, 2017

Dagbok 2017: 30.april

Kokka er 23.10, temperaturen er + 4 grader C og det har vore ein fin, lettskya dag, med sol innimellom.Det er ca. 1/2 time sidan eg kom att frå Ørstaheimen, der eg har vore heile ettermiddagen og kvelden.
Og når eg kjem heim er det eitt og anna som må gjerast. Det blir litt seint før eg kjem meg i seng om kveldane; i går kveld vart klokka 2, men så kan eg sove til eg vaknar neste morgon. Det er eigentleg ein døgnrytme som passar meg bra- eg er fødd B-menneske som dei fleste andre i slekta mi.
Nils ringde meg på føremiddagen i dag, og var veldig oppesen. Han var i storform, og skulle ut og gå med rullatoren sin. Det vart ikkje noko av, for han har ikkje balansen i orden. Når han er betre har det med medisinen å gjere, sjukdommen går sin gang, men fint at han kan ha det litt bra. Eg gjekk heimanfrå litt etter klokka 15-og var der til klokka var ca. 22.15. Vi pratar, ser TV og så hjelper eg han med kveldsstellet før eg går heim. I dag hadde dei fått middag klokka 13 sidan det var sundag, og middagen var lammesteik. Til kvelds fekk han velje mellom brødskiver og graut, og då vart det graut-trur det var byggrynsgraut. Eg hadde med nybakt brød, det ville han ikkje ha, men så kunne eg ete kvelds i lag med han. Ja, dei baud meg kveldsmat på heimen, men det brødet deira har eg ikkje sansen for.
No får han så mykje prednisolon at han ikkje blir så søvnig som før. Dessutan får prednisolonen sukkeret til å stige så han har fått nokre insulinsprøyter, men i kveld slapp han det.
Han er ikkje ute i fellesromma, så det er godt han har TV- og meg!.
Før middag i dag sette eg i gang å bake brød. Trudde H-melka eg hadde på lager var ute på dato, men det var den ikkje, så eg brukte surmelk i staden. I morgon kjem truleg Solveig innover, så då kan ho få melka. Eg sa det til henne då vi handla i førre veka at eg er redd å handle for mykje, for då blir eg vel sittande åleine med all maten, som vanleg, og slik gjekk det.
Elles har eg strikka litt og høyrt lydbok, det er godt å ha nokre timar som eg disponerer sjølv -om det ikkje er så mykje eg MÅ gjere.
No skal eg slappe av med strikketøy og TV eller bok før eg tek kveld.
I morgon er det 1.mai. Dei siste to åa har vi vore på tilstellingar i Volda, og det har vore kjekt. Veit ikkje korleis det blir her i morgon, det blir i alle fall ikkje gudsteneste i kyrkja, sidan den vart påtent i går kveld. Heldigvis vart brannen fort sløkt, men heile kyrkja må vaskast innvendig. Det var ein sjuk person som sette fyr -så det er berre trist.

Dagbok 2026: 5,oktober

Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått,  eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...