tirsdag, oktober 07, 2025

Dagbok 2025: 7.oktober



Klokka er no 18.41, temperaturen ute er +10 grader C, og akkurat no er det opplett, før i dag har det no regna ein del. Eg måtte fare åleine på treninga i dag, for Marit var ikkje i form. Torsdag skal vi ikkje trene, då er det haustferie for oss også. Det er ikkje haustferie på spansken, så i dag har eg sett litt på leksa til i morgon.

Med det samme eg kom heim frå treninga i dag begynte eg å rydde i garasjen; så veldig ryddig vart det ikkje, men eg greidde å lage plass til 15 vedsekkar som eg får tilkøyrt hit på fredag. Eg har nokså mykje ved frå før, men ikkje alt er tørt nok til å brenne.Garasjen skulle ha vore dobbelt så stor, for no har vi budd her i over 50 år, og då samlar ein nokså mykje i hop.Vi har no tilbygget , men der er fullt der også.

Eg treng nokre dagar med veldig fint ver, slik at eg får rydde skikkeleg opp i hagen og får køyre nokre lass på VØR, før hausten kjem for alvor.

Rasmus har fødselsdag i oktober og då feira han 60-årsdagen her i fjor, og det var så fin og mild som ein sommardag-skal tru om det blir slik i år. 

No skal eg strikke ferdig eit lestepar, det er det eg gjer når eg ser tv, strikkar lestar altså.

Og så må eg sjå om Trump greier i skape fred på jord. Gjev det var så vel.

                                                         Det mørknar tidleg no.

mandag, oktober 06, 2025

Dagbok 2025: 6.oktober

Klokka er no17.40, ute regnar det så smått og temperaturen er +13 grader C.

I dag har eg hatt ein kjekk dag, med mykje innhald, til denne tid- Eg hadde avtale med Solveig om at ho skulle komme og vere med meg i banken og ordne opp i saker og ting. Ho hadde førebudd seg godt så det vart orden på mykje. Eg skal innrømme at eg ikkje er så flink å "handtere" pengar, men eg har no greidd å betale det eg skal..... om det kanskje har tatt litt tid.  No har Solveig ordna ut, så eg skal spare  pengar-trur eg.  Men eg råder framleis over min eigen økonomi.

Etter at vi var ferdige i banken, var vi innom den nye blomsterbutilkken i Gågata, der Solveig kjøpte ein plante til Margrete. Ingeborg og Amanda måtte reise åleine til Paris, sidan sambuaren til Margrete hamna på sjukehuset i Volda. Og der ligg han enno. Margrete skulle til Volda, så Solveig ringde og bad henne komme til ALTI i Ørsta der ho og eg hadde kost oss med kaffi og kake, og gått i butikkar over heile huset. Då Margrete kom, vart det middag, dvs. Pizza. Og som dei gode gamle vi er, greidde vi å få ned heile pizzaen og drikke opp all brusen. Så ingen ting gjekk til spille.

No skal eg kose meg og strikke lestar av det fine garnet Solveig kom med, men først må eg gjere ferdig det eg held på med.

Det var mykje folk ute og gjekk i dag, det er vel fordi mange har haustferie; det har ikkje eg. Eg skal på trening i morgon og onsdag er det spansk-kurs. Torsdag har vi faktisk fri vi også-vi som trenar i lag. 



 

søndag, oktober 05, 2025

Dagbok 2025: 5.oktober


 Klokka er no 16.20, temperaturen ute er +12 grader og det kom nettopp ei ny regnbyge, det har vore litt fint mellom bygene- Men eg har for det meste vore inne. Eg har sete og sett TV og strikka lestar -som vanleg . Middag har eg ete, det vart restar frå i går, men no er der ikkje meir att. 
Eg har fått melding frå ved-leverandøren  min, han vil kome på fredag. Eg gjekk ut i garasjen og såg etter kva eg kunne rydde bort, så eg har en plan. Snøbrettet tok eg ned i tilbygget med ein gong og då såg eg at den store klematisen hadde blåst overende, eg brydde meg ikkje om å røyse den opp att men knørva den ned i ein plastsekk klar for VØR. Rydda litt opp omkring , men så kom regnet og eg gjekk i hus. I morgon vil Solveig kome innover på besøk, så då blir det ein tur til Vik blant anna. Då har eg ikkje andre avtaler. 


                                     Sol og regn på ein gong


lørdag, oktober 04, 2025

Dagbok 2025: 4.oktober


Klokka er no 16.22 ,temperaturen ute er +16 grader, det bles let litt enno, men ikkje så mykje som før. Det er sjeldan med vind her, eg likar vind , men ikkje så sterk art den øydelegg noko.

I dag stod eg opp og åt frokost klokka 6, men eg la meg inn att i senga og låg til nærmare 8. Eg hadde ikkje så mykje på programmet i dag, berre det et eg skulle på apoteket og på KiWI, litt medisin og litt mat.

I dag fann eg ut at eg skulle lage noko til middag, så eg kjøpte kyllingkjøtt og noko i ein pose som skulle bli saus. Det vart no nokså godt, men eg syntest det vart litt styr med steiking og koking og oppvask. Det hadde eg berre godt av.

Eg treng no ikkje å sitte og strikke heile tida, og i dag fekk eg melding på telefonen frå han eg kjøpte ved med i fjor. Han ville vite om eg ville ha ved i år også, og det vil eg. Men då kjem eg tilbake til den uryddige garasjen, den må eg shine opp før neste helg. Eg er litt usikker på kva eg kan kaste  av t.d. malingspann og kostar; ein del fiskeutstyr kunne eg også klart meg utan. Det er fullt over alt både i tilbygg og kjellar etc. Vi har budd i dette huset i 50 år og vel så det, så mykje har vi samla i hop. Men eg trur eg skal få orden på det, såpass vi får inn veden.

No er det haustferie for mange i familien, men eg trur ikkje at eg har heilt fri, frå tening og spansk-kurs, har ikkje sjekka det

Eg har lyst å gå på Vernet, men venstrefoten er ikkje heilt god, så eg bør la det vere.

fredag, oktober 03, 2025

Dagbok 2025: 3.oktober

                                                     
                              Eg likar å ta bilde beint på sola.


Klokka er no 17.42, temperaturen ute er + 16 grader C, og i dag har vi både regn og vind .

Eg er litt sint på meg sjølv i dag fordi eg har vore så lat. Då eg var ferdig med fredagsvasken inne, skulle eg i grunnen ut i hagen og jobbe der, men så var det så kaldt og så bles det, så eg ville heller vere inne. Eg kunne no eigentleg rydda i garasjen, men der var det så mykje rot og så var det no litt kaldt  et cetera et cetera-konklusjonen vart at det var best å vere inne. Eigentleg skulle eg vore til Vik også, men det får vere til i morgon. Då skal eg gjere ærenda mine først best best.

Då skal eg på ALTI blant anna.Eg kjem til å vee der med det same dei opnar, for eg er alltid tidleg oppe.

Når eg likevel var inne, så blei det strikketøy og TV-og det får vere greit nok. Det er no litt nyttig- strikkinga altså. Marit skal på hytta i helga så då skal eg mate LOLLO og det er no berre kjekt. Ho kjem som regel ned til meg mes det same Marit er vekke.

No får dei haustferie dei som jobbar i skulen, både lærarar og elevar.Ingeborg og Amanfda skal til Paris, men Margrete blir heime sidan Svein vart sjuk og ligg på sjukehuset i Volda, ho skulle eigentleg ha vore med.

Eg hadde besøk av "snikkaren min " i dag, han lurte på om han hadde lagt attei øks, men det hadde han ikkje. Han la merke til at eg hadde (skam)-klipt ripsbuska.

No kom sola, men det blæs ute. Det er så kjekt med vind, for her blæs det nesten aldri. Kunne tenkt meg ein tur å Vernet no-for der blæs det meir enn her.


                                    Sol og vind i dag, og regn innimellom

torsdag, oktober 02, 2025

Dagbok 2025:2.oktober

Klokka er no 19.24 og temperaturen ute er +11grader C , og det regnar og bles litt

I dag stod eg og såg i bokhylla og såg denne boka. Eg har no sikkert sett den før, men ikkje  på lenge. Eg bladde i den og såg på konfirmasjonsbilde etc. Eg fann både Anne Marie og Rolf, men ikkje Nils. Men der er fleire kyrkjer i Solund, og dette er ikkje den som er nærmast Trovågen.Denne ligg i hovudstaden Hardbakke.

I dag har det vore ein sløv dag for meg. Rett nok var eg på trening frå 10 til 11, og så var vi innom butikken på heimvegen. Men etter det har det hendt lite og ingen ting, men det kan kanskje vere det beste. I går vart mannen til Margrete innlagt på sjukehuset , heldigvis er han betre i dag, men eg trur ikkje Margrete kjem til å reise til Paris,  som planlagt, så då får Ingeborg og Amanda  reise åleine. Særleg Ingeborg er veldig "bereist" så det går nok bra. Det er haustferie komande veke her hos oss.

I dag har eg vore lat. Eg skulle ha jobba ute i hagen, men det var surt og kaldt, så eg kveikte opp i omnen og tok fram strikketøyet og sette på TV-en. I morgon er det fredag og vaskedag, så då kan eg no gjere ein liten innsats. Det er alltid noko å gjere for den som vil. Men eg er no pensjonist...........

Før las eg bøker heile tida og eg har lyst å prøve å komme i gang med det igjen. Den boka eg har tenkt å lese no, er den nye boka til Jon Fosse; bøkene hans er korte i alle fall, så då er det overkomeleg. Eg har likt dei eg har lese før.


 

onsdag, oktober 01, 2025

Dagbok 2025: 1.oktober



Klokka er no 19.23, temperaturen ute er +11 grader C,og det har vore ein fin dag med tanke på veret., vi har hatt mykje sol.

Eg starta dagen med Spansk-kurs, ogdå det var slutt var eg heime ei stund til Marit og eg skulle på Kulturhuset for å feire "Eldredagen", vi plukka opp Brita på vegen. Det vart ei fin feiring på dagen ,med gode taler og mykje god mat og til slutt song og musikk frå to voldingar.Dei som og spelte lenge og dei var flinke. Eg 

synest det er kjekt at dei legg lista såpass høgt  til oss gamle. Dei lodda ut plantane som stod på bordet og diverse anna, for vi hadde ikkje betalt inngangspengar. Eg vann lyngen som stod på vårt bord. Eg plar sjeldan vinne noko,  Marit brukar alltid å vinne ein blomst.Men ikkje i dag. Saken var at eg ikkje hadde kontanter så eg hadde lånt ein 100 -lapp avMarit-som eg kjøpte lodd for........

Noko som er trist i dag, er at Svein, sambuaren til Margrete, har hamna på sjukehuset i Volda, med hjertetrøbbel, men vi håper at det går bra med han. Margrete har avlyst turen til Paris , men Ingeborg og Amanda reiser vel, som planlagt.

I morgon er det torsdag og då er det trening.Eg skal sjå om eg får til å legge innbilde frå "Festen".






Dagbok 2026; 20.september

Eg stod på altanen og såg ned på svartsurbær buska mi, der er ikkje mykje bær att, og eg har ete ganske mykje av bæra i år. No er det ikkje ...