tirsdag, august 07, 2018

Dagbok 2018: 7.august

Eg har tre sortar klematis. Den mørkt lillablå har eg hatt lenge og delt den opp, så no har eg tre av den sorten. Den som ser kvit ut på bildet er eigentleg i to rosa nyansar. Har også ein lavendelblå, men han har ikkje vist seg enno.

Klokka er 18.00, temperaturen er + 24 grader og sola skin. Det er så fint som det kan bli ute akkurat no. Tidlegare i dag kom det nokre få regndropar, men ikkje så mykje at det gjorde noko. 
I dag kan eg ikkje skryte av alt eg har gjort, for det er sant å seie ikkje mykje å skryte av. For det første vart eg liggande meir og mindre vaken i heile natt, men i tillegg til å vere trøtt, var eg kvalm og uvel på føremiddagen, særleg. Eg mistenker at det har med dei betennelseshemmande tablettane å gjere, fekk ein ny sort sist eg kjøpte. Og så kan det hende eg har tatt tablettane lenge nok. Legen sa at eg kunne ta dei så lenge eg ikkje vart dårleg i magen, og det har eg ikkje vore. Har merka litt andre dagar også, så eg lurer på om det er betre å ta dei om kvelden. 
I dag måtte eg på apoteket og få tak i sovetablettar, og eg spurde Solveig nabo om ho skulle nedover, og det skulle ho. Ho hadde to barnebarn med seg, så vi var fullasta. Eg fekk tablettane og så kjøpte eg litt mat. Eg var så svimete då eg gjekk inne på Amfi at eg var redd eg skulle svime av, men så gale vart det ikkje. Eg gjekk ut og sat på ein benk og venta litt
Elles sat eg og gjorde ferdig eit reste-leste-par før vi for nedover, mens eg høyrde lydbok. No er eg snart ferdig med boka, heldigvis. 
Då vi kom heim åt eg litt og så gjekk eg ut og klipte plenen opp mot vegen, så no er eg komen rundt-og kan ta ei veke fri-frå klippinga.
Har ikkje vore så arbeidsam i dag, men prøvde å få vekk litt av gras og andre grøne vekstar som veks i singelen. Kvar sommar driv eg også og ber opp att singel som har sige nedover mot kjellardøra til dømes. Singel ligg ikkje i ro! Ein skulle like godt ha asfaltert først best, sjølv om eg ikkje er så begeistra for asfalt. Etter som åra går får ein meir og meir erfaring, då veit ein kva ein skulle ha gjort-eigentleg. Men det er for seint !
Torsdag skal Margrete og eg ein tur til Eid om alt går etter planen. Det er tre år, minst, sidan eg var der. Då skal eg ta buss til Volda og så møter Margrete meg på Folkestad. Det er litt logistikk berre ein skal ein liten tur når ein ikkje køyrer sjølv.

mandag, august 06, 2018

Dagbok 2018: 6.august

Klokka er 18.40, temperaturen er ca. 19 grader C og det ha vore opplett det meste av dagen.
Eg hadde ikkje gjort eit skikkeleg dagsverk på ei veke, så i dag var eg full av energi etter å ha lege på ladding. Det var meldt opphaldsvêr i dag, men det kom ei lita byge på føremiddagen likevel, så eg kunne ikkje gå i gang med slåtten. Derfor tok eg like godt og vaska golva-der var eit visst behov for det også. Sat og strikka ei lita stund, men så vart det så fint ute at eg gjekk ut og plukka resten av ripsen, og begynte så smått på stikkelsbæra, klipte av nokre lange greiner og klipte bæra etter kvart eg plukka, det vart ikkje så mykje for å seie det pent. Bæra er veldig små i år, og enno ikkje fullmodne. Men GODE, det er dei.
Mens eg sat der kom Helge, og no har han fått i orden TV-opplegget i kjellaren. Feilen var at Tussa ikkje hadde kopla på boksen. Vi sat og prata litt, men han ville ikkje ha kaffi, men eg fekk no betalt han, sjølv om han er veldig smålåten. Eg sa, som sant er, at eg kanne ikkje be han om hjelp ein annan gong viss eg ikkje får betale. Det er godt å ha Helge når det er noko elektrisk som ikkje funkar.
DÅ var det blitt så tørt i graset at eg kunne klippe rundt huset, og det gjorde eg. Hadde ikkje tenkt å ta skråninga, men då eg såg kor langt graset var, sette eg i gang. Der var fryktelig mykje gras i dag, så det ser ut som om gjødselen har virka. I dag tømde eg oppsamlaren 5 gonger, og då har eg ikkje klipt opp mot gata. Lurer på om eg kunne ha fødd ei kyr med plengraset mitt? Kanskje ikkje, men ein sau kunne eg ha hatt.(Men har ikkje tenkt å skaffe meg ein).
Eg åt ikkje frå frokost til klokka var 18 - det var straffa for at eg åt så mykje i går ! I dag har det gått i sukkererter og bær.
I dag er det Hiroshima-dagen, og den dagen då nabo Ingunn hadde fødselsdag. Eg tenkjer litt ekstra på henne i dag. Ho og eg var like gamle, men det er fleire år sidan ho døde. Mannen hennar, Peder, døde mindre enn to år etterpå. Vi saknar dei to gode naboane våre. Det blir mange å sakne etter kvart.
I kveld kan eg få med meg litt nyhende viss eg hugsar å sette på TV-en.

søndag, august 05, 2018

Dagbok 2018: 5.august


Garden HOLEN
Klokka er 22.00, temperaturen er + 11 grader. Det har vore overskya og regn i heile dag, men det skal visst vere opplett i morgon. Så får vi sjå om det blir tørt nok til å klippe plen. Eg saknar trimmen min.
Denne siste veka har eg gjort lite og ingen ting, men har hatt mykje besøk og hatt fine dagar. I dag var vi invitert til Anne Elise og Helge bort på Holen. Det var Torbjørn som køyrde dei to Marit-ane og meg. 
Då bror til Anne Elise døde vart barndomsheimen hennar ståande tom, for broren hadde ikkje familie. No har AE og Helge pussa opp heile huset - og det er ingen liten jobb dei har gjort. Nye golv overalt, to nye bad osb. Men dei har likevel halde på den gamle stilen med møblar og anna. Eg har sett bilde før, men no fekk vi sjå heile huset "live". Det var ei oppleving.
I tillegg fekk vi mykje god mat. Først "koldtbord" med mykje godt, seinare kaffi og kaker etc. Dei er flinke både å pusse opp og lage mat, dei to. 
Vi som var der har vore naboar i over 40 år, vi kjenner kvarandre godt, så det mangla ikkje på samtale-emne. 
Eg har litt dårleg samvit fordi eg har inntatt for mange kaloriar i dag, så eg får prøve å vere aktiv og brenne nokre av dei i morgon, same kva eg kan finne på. Vil helst vere ute!

lørdag, august 04, 2018

Dagbok 2018: 4.august


Klokka er no 17.35, temperaturen ute er ca. 17 grader C, og i heile dag har det vore skodde og regn. Det var litt synd at vêret svikta akkurat i dag, sidan det var tid for det årlege fjelløpet "Saudehornet rett opp". På bildet over kan de sjå korleis det var den gongen Nils og Øystein tok del -eg kan dessverre ikkje hugse årstalet.
På bildet under ser de Vallhornet som ligg framfor Saudehornet, DET fjellet er ikkje så høgt, hugsar ikkje talet akkurat no. På Vallahornet har eg vore eit par gonger, men aldri på Saudehornet. På FB finn de mykje om kva som har skjedd i Ørsta i dag. Eg har ikkje vore med på noko av det. Var ein liten tur bort i Furene og handla litt på føremiddagen. Så har eg drukke kaffi i lag med Marit, og elles har eg site og rota med datamaskina. 
Helge kom innom for å sjekke om det var i orden med TV-en i kjellaren. Han fekk det ikkje heilt til å virke, men ville komme att ein dag seinare og sjå om det hadde betra seg. Det tek litt tid.
Sidan han først var her fekk eg han til å sette SIM-kortet mitt inn i Nils sin telefon, så no kan eg bruke den. Min har fått litt skavankar etter diverse turar på stein-underlag. Det rare var at SIM-kortet i Nils sin telefon var fjerna frå før.
Eg kjøpte meg ingredienser til kyllingsalat på Coop, så det vart middagen i dag.
Og så er det laurdag, og som vanleg gløymde eg å ønske god helg i går. Håper alle har det bra uansett. I morgon skal eg til Sæbø og besøke familiegarden/ barndomsheimen til ei av naboane. Det gler eg meg til.




Bilda er tatt kl.15.30 i dag.


fredag, august 03, 2018

Dagbok 2018: 3.august


 Klokka er 20.15, temperaturen er + 18 grader C og det har vore regnbyger i dag også, akkurat no er det opplett.
Sant å seie veit eg ikkje kvar denne dagen har blitt av. Det er så merkeleg, alle dagar er ulike. Somme dagar får eg gjort mykje, andre dagar nesten ingen ting, somme dagar er lange og andre veldig korte-dei er over nesten før dei har begynt.
Ein slik dag var det i dag. Eg rydda nokre kjøkkenskuffer rett etter frokost, det er om lag det eg har gjort i dag. Det ringde på døra, og eg fekk ein invitasjon til å komme på besøk  komande sundag. Eg sette meg til å gjere ferdig eit lestepar mens eg høyrde lydbok på data. Så ringde Margrete og spurde om eg ville ha besøk, og det ville eg sjølvsagt. Så eg heiv meg rundt og steikte ein miniporsjon med sveler sidan takka likevel stod framme. Vi prata , åt og drakk kaffi som vanleg. Vi tok oss tid å studere brosjyrene med gravsteinar som eg fekk i posten i går. Ei lita runde i hagen vart det også. Mens Margrete var her fekk eg telefon frå ei venninne og frå Einar. Men for tredje gong gløymde eg å sende med henne genseren til Ingeborg og ein pose med blad. Vi har avtalt å ta ein tur til Eid neste veke. No er det ikkje så lenge til ho må begynne på jobb igjen så vi må nytte tida.
No har eg rippa ei lydbok, mens eg har starta opp enda eit lestepar. Men eg visst ut og sage litt, kan ikkje gå ein heil dag utan å gjere nytte for meg.
Solveig og Øystein har bryllaupsdag i dag. Dei feirer den i Italia, som vanleg, hadde eg nesten sagt. 
Eg kunne godt tenkt meg til syden , for no har vi fått nok regn- men så er der vel i varmaste laget der enno.

Monterosso al mare. (Det raude fjellet ved sjøen? Eg er ikkje så god i italiensk.)

Og her er Rasmus med fam. Split, Croatia.Utsikt frå vinduet på hotellet ned til stranda.Ikkje lange vegen å gå.


torsdag, august 02, 2018

Dagbok 2018: 2.august

Klokka er 20.00, temperaturen ute er 18-19 grader C. Det har vore overskya i heile dag, men berre nokre få regndropar.
Eg har hatt ein veldig fin og innhaldsrik dag. Og takk for det.
Seint i går kveld fekk eg melding frå ei venninne som ville stikke innom for ein kopp kaffi mens ho var ute og lufta hunden. Det var veldig kjekt, men eg trur ikkje vi fekk snakka oss heilt tomme, så vi må nok snart ha eit nytt møte. 
Ikkje før var ho gått før eg fekk melding frå Eid om at Bodil og Svein ville komme ein tur. Eg har så lenge snakka om å besøke dei, men det har vore så mykje anna både her og der at det har ikkje blitt.
Som eg tenkte, så hadde Svein ein bruktbil "på hand" som han anbefalte. Vi får sjå kva det blir til.
Etter at vi hadde ete og drukke kaffi ei stund tok dei meg med på biltur. Vi køyrde opp Storebakken så dei fekk sjå fonnvernet som er under bygging, derfrå var vi ein tur fram på gravplassen, før vi hamna på Amfi. Og kven trefte vi der? Jo, Olaug Marie frå Hareid og ei venninne. Bodil og eg fann litt vi trong på Clas, og eg hamstra brus på Bunnpris.
På heimvegen køyrde vi ut til sjukeheimen, der dei ikkje har vore før,- før dei køyrde meg heim att i Starevegen. Så vi hadde ei skikkeleg rundreise. Eg var gaid.
Takk til alle som kom på besøk! Det vart ein kjekk dag, sjølv om eg ikkje fekk verken saga eller klipt noko som helst. 

onsdag, august 01, 2018

Dagbok 2018: 1.august

Denne planten som eg fekk av Anne Elise, blir berre finare og finare.

Klokka er 20.00, temperaturen er + 21 grader C, men tidlegare i dag var den oppe i 26-28 grader. Det var sol frå morgonen av, men skya over utpå dagen.
I dag var eg streng med meg sjølv: Alle teppegolv skulle støvsugast uansett vêr. Og det blei gjort. Elles hadde eg ingen planar for dagen. Naboane på begge sider er vekkreist, og det var ikkje mykje liv i gata, Eg reinska opp blomsterbeda etter regnet  og styrte litt i hagen, men det var ikkje så mykje meir eg kunne gjere. Ein liten klesvask vart hengt ut og diverse  anna småtteri. Låg på altanen og las ei stund, men vart lei-det var like før eg begynte å synest at livet var rimeleg kipt. Ikkje kan eg køyre og ikkje kan eg gå . Men tok ein tur over gata til Marit og prata litt, etterpå var eg eit lite stykke utover og prata med Else.
Då fekk eg brått arbeidslyst, så eg tok og saga ned eit halvt villplomme-tre. Den andre halva skal få stå litt til. Grunnen? Jau treet tek av for regnet, slik at kompostbingen blir altfor tørr. Så var det fram med kompostkverna i dag også og male opp greiner. Dei tjukkaste må eg sage opp til ved.  Mens eg heldt på tenkte eg på alt eg fekk gjort i fjor, i tillegg til at eg hadde mykje meir husarbeid. Men då gjekk eg ikkje rundt og halta. Då sprang eg som ei rotte, som Nils sa.
No er fysioterapeuten komen tilbake frå ferie, så eg må kanskje prøve på igjen, er ikkje blitt noko betre etter alle tablettane eg har tatt. Å gå på graset er ein ting, å gå på asfalt er umulig.
Solveig og Øystein er i Italia, Amanda er på Mallorca, Rasmus og fam. er på veg til Kroatia-ja, dei er kanskje komne fram?

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...