I dag kunne Nils endelig entre hola som han grov sist torsdag. Elles har ho berre stått og samla vatn.
Steffen, den nye leigebuaren, er så smått begynt å flytte inn, og så får vi berre vone at kjøkkenet kjem i dag. Planen er at dei, Nils og Peder, skal montere det i morgon.
Derfor vart eg lettare sjokka då dei ringde frå forretninga i går og sa at kjøkkenet vart to dagar forsinka. Det gode var at Nils var på kommunestyremøte, så det var eg som tok telefonen. Eg gikk omtrent opp i fistel og tok ordet KRISE i min munn. Peder skal nemleg reise til Oslo med helga og vil vere vekke på VEKESVIS. Eit par timar etter hadde dei greidd å ordne det.
NB: Eg var ikkje UHØFLIG.
Nils jobbar med sitt og eg med mitt. Hittil i dag har eg strikka litt, laga kjøttkaker og bolledeig. (Lagar grove bollar til Nils, han toler ikkje brødet mitt.)
Har vore nokså dårleg sidan sist eg var til behandling. Sist mandag fekk eg eit "anfall" av frost -skalv og hakka tenner, så eg måtte grave meg ned i tepper og dyner til eg fekk varmen att. (Det var ca 25 grader i rommet!) Og etter det har eg vore mykje betre. I morgon er det ny akupunkturbehandling.
I går kveld skreiv eg eit lesarinnlegg som eg sende til Sunnmørsposten. Veit ikkje om dei tek det inn.Det vil tida vise.
Ser fram til at kjellaren blir ferdig og vi kan bli fri til å farte litt viss helsa held.