Klokka er no 20.35, desse sommardagane fyk av garde i stor fart- og snart er sommaren over, sånn føler eg det litt i dag -at tida går så altfor fort.
I dag morgon var eg trøtt og hadde ikkje lyst å stå opp, men etter å ha ete frokost 2 gonger kom eg meg opp og ut. Eg skulle gjerne ha klipt plenen i dag, men eg fekk ikkje til å løyse batteriet i dag heller. Det vart til at eg prata med naboane i staden, og så sende eg ei melding til Solveig; eg bad henne ikkje om å komme - eigentleg. men ho forstod at eg trong hjelp så ho kom. Ho hjelpte meg med klipparen og for sikkerheits skuld klipte ho plenane her også.
Ærendet var eigentleg å hjelpe meg med innkjøp av mat etc. Eg er framleis utan bil men i slutten av neste veke ventar eg Rasmus med familie og bilen min. Det skal bli kjekt å få køyre sjølv igjen.
Men i dag køyrde Solveig på butikken og ho er flinkare å lesse opp i korga enn det eg er. Så no håper eg at eg har det eg treng minst ei veke framover.
Eg blir heldigvis aldri arbeidslaus, eg har hagen og eg har huset, og det er alltid noko å henge fingrane i. Dessutan er eg så bra i handa at eg kanskje kan begynne å strikke snart.
Eg hugsar mor mi sa til borna mine ein gong: "Mor dokkar er ei arbeids-menneske"- Eg forstod det ikkje heilt den gongen, men eg har tenkt på det seinare og tenkt at ho hadde litt rett, eg trivst best når eg har noko å styre med.
Dessverre nektar ryggen min å vere så hjelpsom lenger, så eg får ikkje gjort alt eg vil. Og det er veldig irriterande.
Det er noko merkeleg med veret denne sommaren. Når eg ser ut vinduet om morgonen er det som regel vått på asfalten og skodda ligg nedetter fjellsidene. Men eit par timar seinar skin sola frå blå himmel-kvar dag-

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar