mandag, april 27, 2026

Dagbok 2026: 27.april

Klokka er no18.35, temperaturen ute er +7 grader og sola skin som ho har gjort i heile dag. Det såg litt kaldt ut til å begynne med, for det er snø i fjella, men det vart ein fin dag.

For meg starta dagen med mykje smerter i høgre handa/armen. Det hjelpte ikkje kva eg gjorde , vondt var det og detog det gjekk ikkje over før langt på dag. Eg veit ikkje kva eg kan gjere for å få vekk smertene, eg må kanskje halde meg borte frå datamaskina så mykje som muleg. Eg var tidleg vaken som vanleg, men det gjekk ei stund før eg var ute. Det var ikke mykje eg kunne jobbe med i dag, men så kom Marit ut og vi sat og sola oss og prata på Platten; ein liten tur utover Starevegen vart det også før eg gjekk heim att og åt middag. Det vart restar frå i går, men det var heilt ok.Eg oppdaga smått om  senn at eg ikkje hadde det vondt lenger, så no må eg berre passe på å ikkje utsette handa for meir enn høgst nødvendig. Når ein er høgrehendt på ein passe godt på høgre handa. Eg er veldig glad i å sitte med datamaskina og lese nyheiter og høyre musikk t.d. Eg får prøve å begrense meg og sjå om det hjelper.

Det vart så fint ute no når sola kom , på plenane veks det diverse vårblomster og graset gror så fort at ein ser det-nesten. Eg må sjå til å få reparert plenklipperen, det er eit hjul som ikkje oppfører seg som det skal. Det var slik i fjor også ,men no trur at at det må reparerast-. Det er mykje gras på plenen alt.

Det er så fint ute no, fjella har fått eit lite dryss av snø igjen. Eg har ikkje så mange planar no, eg er litt handikappa for tida, så eg kan ikkje få gjort så mykje.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 27.april

Klokka er no18.35, temperaturen ute er +7 grader og sola skin som ho har gjort i heile dag. Det såg litt kaldt ut til å begynne med, for det...