Klokka er no16.00, og sola skin som aldri før. Eg var ikkje budd på slikt ver i dag, trudde det var slutt på fineveret for ei stund.
I dag var det eigentleg trening , eg var ikkje klar for det, men eg ville gå ned å snakke med Ingvil og så mistenkte eg at eg ikkje hadde betalt for januar. Eg måtte også ein tur på apoteket for eg var lens for nokre tablettar.
Som sagt så gjort, men ikkje alt er like enkelt. På apoteket fekk eg beskjed om at der ikkje var meir tablettar å få-eg måtte ha ny resept- Så måtte eg på legesenteret og få ordne resept. Det gjorde ho som sat i luka- så det var greit.
Neste stopp var "treninga", der fekk eg snakka med Ingvil og betalt for januar, og så skal eg komme ned til henne i morgon, då skal ho sjå på handa mi, ho sette på meg eit anna støttebind , som skulle vere betre enn det eg har sjølv.
Eg var sjølvsagt ikkje så låk i handa i dag, men heilt god er den ikkje. Då eg kom heim tok eg meg litt mat og så hadde eg ein jobb med å ta opp klesvasken frå i går og legge i hop. Så gjekk er tur på vegane, men eg gløymde å ta på meg piggsko, så eg måtte gå der som var bert . Då eg kom heim att var eg så trøtt at eg sovna i stolen når eg sette meg ned.
No har eg lyst å lage meg litt god mat, så eg får sjå kva eg finn i kjøleskapet.
Dette bildet og det andre tok eg klokka15.30

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar