fredag, oktober 25, 2024

Dagbok 2024: 25.oktober



Klokka er no 20.07.Temperaturen ute er +9 grader C, men i dag har det regna, så vi har ikkje fått vore så mykje ute. Eg har ikkje vore ute og gått tur på lenge. 

I dag var vi på VØR med eit stort lass med klunger, så no er eg i alle fall ferdig med den. Vi var også i Furene og såg oss om, sjekka om dei hadde pynta til jul , og det hadde dei, både påPlantasjen og på JULA. På JULA trefte eg att Ingrid som budde her med meg før Erlendt flytta inn- Vi kjøpte ikkje mykje, men for meg som ikkje hadde vore innom JULA før var det interessant å sjå kva dei hadde og det var mykje og alt til rimelege prisar. 

Handla matvarer på Coop i dag. Vi hadde det kjekt og ei stund etter at vi var komne heim åt vi middag. I dag vart det karbonadekaker frå butikk. Vi har slappa mykje av i dag,sett TV etc. Men eg har i alle fall skrella poteter og gulrøter som vi skal ha i morgon. Då får vi mange gjester som vi gjerne vil sjå her. Maten blir enkel men det er det Rasmus ville ha. I morgon er det 60 år sidan han kom til verda på sjukehuset på Eid ein iskald dag utan sol og med rim på markane. Å han ein son på 60 og ei dotter på 61 er litt rart. Eg burde vel føle meg gammal. Men det gjer eg ikkje -ikkje så veldig gammal altså.

I dag -den 25.oktober hadde bror min fødselsdag, men han døde for to år sidan. Og denne helga skal vi stille klokkene til normaltid igjen . Det er slutt på sommartida


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...