onsdag, oktober 23, 2024

Dagbok 2024: 23.oktober

 Klokka er no ca 23, og vi er i ferd med å komme til køys. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, så eg har verken bilde eller noko å fortelje frå Vernet.

Føremiddagen gjekk med til diverse husarbeid og matlaging mens eg venta på Rasmus som skulle kome frå Sundalsøra.. Han brukte ikkje så veldig lag tid på å køyre, om Molde, han var her litt over klokka 15.

Vi har prata og ete og sett TV og slappa av i dag. I morgon skal vi jobbe med diverse viss det blir bra ver. Det aller viktigaste for meg er å få vinterhjul på bilen.Og det får eg no. Det er veldig kjekt å ha besøk, og godt å ha ein her som kan gjere det eg ikkje kan.

Fødselsdagen er ikkje før laurdag, så vi kan få gjort mykje før den tid. Men det viktigaste er no å få vere i lag og snakke med kvarandre.

Eg har ikkje vore på Vernet på mange dagar, men det får no stå si prøve- I morgon skulkar eg treninga-men eg har fått lov med fysioterapeuten å vere heime.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...