torsdag, september 19, 2024

Dagbok 2024: 19.september

 


Klokka er no17.45, temperaturen ute er + 20 grader og vi har hatt ein fin sommardag i dag igjen.

Eg var på trening som vanleg om torsdagar, og då eg kom heim att tok eg ein runde på Vernet i det nydelege veret. Etterpå gjekk eg ein tur opp og prata med Marit ei stund, ho er plaga med verk i kroppen. 

Då eg kom ned att tok eg meg litt mat før eg gjekk ut og begynte å slå plen.Eg har slått rundt huset + Skråninga, så no er eg passeleg lei av alt graset. Naboen slo plenen  ovafor garasjen min, som vanleg. Det som står att er det vesle stykket ved postkassane.I tillegg til slåtten har eg klipt ein god del gras med hand rundt busker etc. 

Eg tok mange bilde på turen moin i dag, og eg meiner eg har lagt dei inn på PCen, men dei er ikkje der-enno i alle fall.

I morgon er det fredag og då er det to veker sidan vi var på tur ut i øyane, tidag går farleg fort. Solveig og Øystein er komne heim frå Nice, men eg har ikkje snakka med dei enno. 

Eg er heilt håplaus når det gjeld å halde orden på saker og ting. I går rydda eg fint opp etter meg og tok godt vare på alt "verktøy" eg hadde brukt , eg la det på ein "lur" plass;  men då eg skulle bruke det i dag, fann eg det ikkje att- Lurer på kven som har "stole" det. (det dukkar vel opp att) 


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 19.september

  Klokka er no17.45, temperaturen ute er + 20 grader og vi har hatt ein fin sommardag i dag igjen. Eg var på trening som vanleg om torsdagar...