lørdag, juni 01, 2024

Dagbok 2024: 1.juni

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er+16 grader, det er overskya, men skodda har endeleg letta, nesten i alle fall. Skodda har lett for å bli liggande her i Ørsta fordi her er så lite vind. 
I dag har eg hatt ein sløv dag. Eg stod ikkje opp så tidleg som eg brukar å gjere og har vore dagvill i heile dag. I hovudet mitt har det vore søndag, heilt til eg køyrde på butikken for å pante flasker no i ettermiddag.

Eg gjekk runden min på Fonnvernet tidleg i dag, så eg fekk vere der nesten åleine.Eg tok mange bilde, men kan ikkje ha alle på bloggen. Det var lunsj-tid då eg kom heim, det vart skiver og plommesylte i dag. Eg er ikkje så nøye på kva eg et, appetitten sviktar aldri.

Eg hadde tenkt å gjere både eitt og anna i dag, men eg datt ned i stolen framfor PC-en  der eg driv og øver på spansken,der er mange oppgåver på "Reels and short Videos"-i alle fall her hos meg.

Men så tok eg meg sjølv i nakken og samla i hop masse tomflasker og reiste på KIWI og panta for ca 100 kr, og så handla eg diverse . Eg synest eg handlar mat heile tida, men eg er her no mest åleine-så det er litt skummelt. Eg fabla om å fare på Plantasjen, men var ikkje sikker på kva eg skulle kjøpe. No veit eg i alle fall at eg skal ha kugjødselkompost, så det kan hende eg tek turen i morgon. Eg likar best å køyre når det er lite trafikk.
Eg har problem med å få bilde inn på bloggen min, men eg skal sjå kva eg greier. Eg får heller ikkje til å forstørre dei her.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...