lørdag, februar 17, 2024

Dagbok 2024: 17.februar.

Klokka er no 17.02, og sola skin framleis slik ho har gjort i heile dag, eg trur vi får mykje gratis varme frå sola slike dagar, no er det + 2 grader på skuggesida av huset, men mykje varmare i solveggen vil eg tru.
Eg hadde ingen spesielle planar for dagen, og då har det lett for å bli liitt stussleg. Eg somla no litt på føremiddagen, før eg kom meg ut for å gå tur. Det vart ein tur rundt omkring i nabolaget med piggsko på føtene. Då eg kom heim fann eg ut at eg kunne lage glasur på gulrotkaka som eg hadde i frysaren. Det vart ein heil oppvask etterpå, som eg tok for hand. Eg hadde ikkje tenkt ut noko til middag i dag, så eg tok opp ball som eg hadde i frysaren. Eg er ikkje matvand så alt går ned. Men eg vart så trøtt etterpå at eg sette meg inni godstolen, og er trur eg sovna litt. Så las eg ut boka som eg har lese på senga i det siste. "Problemet" er at eg ikkje kan strikke så mykje som eg vil. Strikka litt for mykje i går kveld, så handa var låk i dag. Det irriterer meg litt.

No er sola gått ned bak fjella langt i vest, men eg håper ho kjem att i morgon,
 

Ingen kommentarer:

  Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...