mandag, februar 12, 2024

Dagbok 2024: 12.februar



 
 
Storebakken-i dag også

Klokka er no 17.33, temperaturen ute er+ 4 grader det er overskya, det har vore opplett til denne tid, men eg trur ikkje det vil vare.Eg vil helst at nedbøren kjem som regn og ikkje snø, regnet slepp ein i alle fall å moke vekk.
Eg var rimeleg tidleg oppe i dag, sjølv om spansken ikkje tek til før klokka 11. Eg var så forsiktig at eg hadde på meg piggsko heilt til eg var komen inn på Bakk-Olamarka.
Eg var ikkje så sikker på om eg hadde gjort leksa rett, men eg hadde no gjort den like bra som dei fleste andre. Det var kjekt å treffe igjen gjengen i alle fall, og så skal vi ha ny time på onsdag. Eg trudde det skulle vere pensjonistmøte også den dagen, men det er neste onsdag. Då er det årsmøte.
Eg hadde avtalt med Marit at ho skulle komme ned når eg var heime att, så skulle vi ete av kaka som Margrete kom med i går på morsdag. Eg hoppa over middag- og åt kake i staden, så no er der ikkje all verda att av den, og det er bra.
Eg skulle gå ein trimrunde, og hadde på meg piggskorne igjen, men i dag vart er låk både i ryggen og føtene, Det var kanskje fordi der ikkje var så mykje snø og is lenger.
I morgon er det trening igjen, og så er det "Grauta-tysdag" som det heiter her. Eg trur eg står over rømmegrauten i år.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...