søndag, desember 24, 2023

Dagbok 2023 -24.desember. Julaftan




 Klokka er no 21.42, temperaturen ute er 0 grader, og snøen smeltar meir og mindre. Eg kom nettopp heim att etter å ha feira julekvelden på Hareid. Øystein køyrde meg til døra og bar inn bagasjen. Ingen vil at eg skal dette meir akkurat no-.

Eg har hatt ein veldig fin dag og kveld. Håkon og Amund plukka meg opp , for dei skulle også til Hareid i dag.

Vi var på gudsteneste i Hareid-kyrkja før middag. Det var det også veldig kjekt,-å høyre hareidsdølane synge i kyrkja er ei fryd, dei syng så ein høyrer det. , og så var ei ung dame der som song to av dei finaste julesongane eg veit solo. Ho heiter forresten Lovise Yri og erikkje heilt ukjend på desse trakter. Eit jentekor song ein ukrainsk julesong-og dei var også flinke.

Eg plar seie at eg ikkje høyrer verken kva presten eller andre seier i kykjene. Eg har vor på Eid, i Volda og i Ørsta og ikkje forstått nokon ting;verken med eller utan høyreapparat. I dag forstod eg alt som vart sagt-utan høyreapparat- .

Middagen  var som vanleg heilt nydeleg, og eg greidde å få i meg både kjøt og pølse,sjølv om eg stort sett har berre ei hand.

Der var så mange pakkar under treet at vi måtte ta ein kaffipause då vi var halvvegs. Eg fekk alt eg ønska meg og vel så det. Tusen takk til barn og barnebarn for fine gåver.

Vi har hatt som ein tradisjon at vi har vore her hos meg 3.juledag. Slik blir det ikkje i år. Men for at alle skal få treffe kvarandre ,  stiller Solveig opp med middag og kaffi til heile storfamilien på tysdag. Det blir sikkert kjekt,og ho har no litt større plass enn eg.

Eg skriv ikkje så mykje i kveld, men eg tenkjer på kor heldig eg er som har så mange rundt meg  som har omsorg for meg, eg kjenner meg aldri einsam.

God jul!

1 kommentar:

bodilingeborg sa...

1.Juledag og eg har nett hatt besøk av Helene, Ola og vesle Jenny 1/2 år. Dei er heime frå Kongsberg, og feirer jul hjå mormor og morfar i Eidsgt. Julafta feira eg på Os hjå Hilde og Oddvar. Der var også Ole Kristian og Mia, Hans Petter, Bjørnar, Henning og farfar Kåre Nils 94 år. Farmor Signe er snart 96 år og ønska å vere heime i stova si i år. Eg vart tatt godt vare på av privatsjåfør,som også var nisse. Ein fin julekveld på Os.
Helsing Bodil

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...