mandag, juni 05, 2023

Dagbok 2023; 5.juni


 Klokka er no 18.19, temperaturen ute er + 14grader C, ikkje akkurat sommartemperatur. Eg trudde sola skulle komme fram utpå dagen, men ho er ikkje komen enno-og no kan det vere det samme, for no er eg innom hus.

I dag skulle både Marit og eg ta blodprøve så då for vi i lag nedpå Legesenteret og fekk det gjort. Vi handla litt på KIWI på heimvegen. Det er alltid noko lite ein skal ha, men så blir det litt meir. Eg gjekk ein runde på Vernet, så var det gjort

Då eg kom heim varma eg opp graut frå laurdag, så det vart middagen i dag. Eg slappa av litt etterpå før eg gjekk ut i hagen for å jobbe. Laurdag jobba eg i tre timar, så eg bestemte meg for å gjere det i dag også. Eg tok og bar opp stokkane som hadde halde bringebæra på plass, og då det var gjort tok eg og grov opp meir og mindre heile "åkeren" for alle skvaller-røtene var på ingen måte vekke. Eg var litt meir nøyaktig i dag, og så tok eg fin jord frå komposten og la utover. Det er no eigentleg dumt å kjøpe mold når ein har sjølv, men det er no fristande. 

Elles så rensa eg opp ned på muren, såpass mykje som eg orka i dag. Har også groverensa beddet nedafor tilbygget. Alle klematisane lever, og den gamle New Dawn-rosa som eg klipte heilt ned sist haust, lever og veks opp att. Men den yngste solbærbuska ser ikkje frisk ut. Den første solbærbuska eg planta er snart 5 år, og den er frisk. Vi har planta solbær mange gonger, men trea blir sjuke og dør.

Ja, det blir mykje hageprat, men eg opplever ikkje så mykje anna når eg går her og styrer. Det er godt å ha mykje å gjere, sjølv om ein aldri blir ferdig med alt. Eg er glad for alt eg greier å få til med min gamle rygg. No er det snart Nyheiter , så eg skal lage meg ein kaffikopp å kose meg med.

I morgon skal vi ikkje på trening, men vi skal truleg bort på Plantasjen, for Marit har eit anna ærend der borte også. Eg må snart ein tur på VØR igjen også. Her står fulle sekkar overalt.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...