mandag, mai 01, 2023

Dagbok 2023: 1.mai


 
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 5 grader. Vi har hatt ein sur og kald dag, men akkurat no kom sola fram, det hender ho kjem fram på sein ettermiddag.
Flagget vart i heist i gry-otta i dag, men 9-tida går no også an.
Eg hadde tenkt å stå opp tidleg i dag, for å få vaska og tørka håret i god tid før eg skulle til Volda. Men for ein gongs skuld sov eg godt til klokka nærma seg 9.  Eg kom meg likevel til Volda til rett tid.
Eg køyrde opptil det nymåla   Samfunnshuset , og det varte ikkje lenge før Margrete og Amanda dukka opp, dei hadde med seg bilen over på ferja. Det var vi tre; tre generasjonar, som representerte Trovåg-familien i dag. Vi har ofte vore ein heil flokk rundt bordet på Samfunnshuset på 1. mai arrangementet. Eg kjende ikkje mange der i dag, men såg no at eit par frå Ørsta også var der.


I dag vart det eit veldig fint møte, med gode talarar og fin musikk. Arrangementet er for både AP, SV og Rødt, og alle partia hadde gode talarar. 
Men eg må berre innrømme at i dag slo representanten frå RØDT alle andre talarar eg har høyrt. Anten ein var samd med han eller ikkje , så heldt han ein tale som stod til karakteren 6. Talen var innhaldsrik, interessamt og flott framført, han snubla ikkje i eitt ord. Eg har aldri høyrt maken. Eg meiner han var frå Kragerø, og har sikkert  halde talen fleire gonger før, for han såg nesten ikkje på papira sine. 
AP og SV hadde også gode talarar. Til slutt var det ein mann frå Sudan, som fortalde frå landet sitt. Han snakka norsk, for han har budd mange år i Volda og har høg utdanning, men eg sleit litt med å forstå kva han sa. Eg hadde ikkje høyreapparat med meg, og eg veit ikkje om det hadde vore hjelp i det.
Det var ei flott samkome i dag, og varaordføraren i Volda var "programleiar.




Vi tre jentene bestemte oss for å ikkje ete kake på møtet for vi skulle på Kinarestauranten etterpå. Og i dag kom vi ikkje til stengde dører. Margrete og eg åt det samme, men Amanda ville ha noko anna. Det var store porsjonar, men vi greidde å ete opp alt.
Så var det berre å køyre heim att. Eg vurderte å stikke oppom Plantasjen, men slo det frå meg.Eg må i alle fall bort når det blir temperaturar til å vere ute.

I dag fyller søskenbarnet mitt, Kjell 81år. Besta og besten i Innvik hadde berre 4 barnebarn, og eg var einaste jenta. Og derfor fekk eg heilt frå barnsbein inntrykk av det var noko stort å vere jente. Eldste guten var to år eldre enn eg , så kom Svein, bror min, og til slutt Kjell. Ofte slo dei tre gutane seg saman og skulle erte og plage meg, og eg lærte fort å ta igjen. Men uvenner var vi vel aldri. Siste krigsvinteren budde mamma, bror min og eg i Innvik hos foreldra til mamma og bror hennar med familie. (Tyskarane hadde tatt huset vi budde i) Og der var det eg måtte kjempe mot overmakta.
Gratulerer med dagen Kjell.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...