tirsdag, april 11, 2023

Dagbok 2023: 11.april


 Klokka er no17.48, temperaturen ute er + 15 grader, og deter delvis skya, med ein god del sol. Fint og godt vårvêr får vi vel seie.

I dag var det trening igjen, så eg var relativt tidleg oppe.Etter treninga reiste vi heim, for ingen av oss hadde behov for å handle i dag.

I dag bytta eg ut spaserturen min med hagearbeid, det blir vel slik framover no. Ja, det spørs no kva ver vi får.

På bildet over ser de "plenen" ovafor garasjen. Der låg det att ein del snø, og nokså mykje singel. Anten ein mokar snø med skuffle eller brukar fresar, så kjem det singel på plenane. I dag raka eg vekk snøen som var att og plukka opp singelen- På denne tida blomstrar dei fine blå russestjernene, dei som har kome seg ned i beddet blomstra allereie, og no kjem dei andre snart etter -no når det vart bert. Alle som går her forbi brukar å beundre dei blomstane. Eg synest der ser bra ut no.  Eg er ikkje så veldig arbeidsdyktig, men når eg tek tida til hjelp får eg no gjort litt.

Beddet var det ikkje så mylkje å gjere med i dag. Eg las eller høyrde ein stad at rosene skal ein klippe 1.veka i mai. Så dei får stå ei stund til før eg pyntar på dei.


På andre sida av tunet, var det ein god del snø, og veldig mykje singel både på plenen og nedover muren. Eg fekk ikkje gjort meg heilt ferdig der i dag, men vi får vel fleire slike dagar, håper eg. Eg får dessverre ikkje gjort alt eg har lyst til, på grunn av ryggen, men eg får no gjere det eg greier.

Til middag i dag også hadde eg graut og litt spekepølse attåt. "Kokte" meg  eit par små poteter i mikroen, det går faktisk an. Eg skyller dei med vatn slik at dei er våte når eg legg dei inn, det går ikkje mange minutta før dei er "kokt".

Etter at eg var mett sat eg i stolen og halv-sov. Det er ein underleg tilstand der ein verken søv eller er heilt vaken. Men eg kviknar til etterpå.KLokka mi er ikkje å stole på, en eg har no PC-en til å kontrollere .No skal eg snart sjå TV-det har eg ikkje gjort før i dag, men eg må no sjå nyheitene om ikkje anna-
.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...