fredag, januar 06, 2023

 


Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 4 grader, snøen har smelta ein god del, og det har vore litt vind. No ser eg at nedst på skjermen står det: SNØ KOMMER. Ja, det var vel for mykje forlangt at vi skulle greie oss med det vi alt har- eg likar ikkje vinteren!
Eg stod ikke så tidleg opp i dag sidan eg ikkje hadde noko anna på programmet enn rydding og fredagsvask. Men det var noko som plaga meg litt og det var tanken på oppvaskmaskina. Sist eg brukte den, valde den sjølv programmet og let seg ikkje rikke, eit program som eg ikkje kjenner til, men som varte i over tre timar. Eg prøvde i går å få den på eit anna program, men det gjekk ikkje. I dag lurte eg på å reparere litt, men slo det frå meg, og sende ei melding til elektrikaren min, men har ikkje fått svar. Eg tenkte at han skulle få sjå litt på telefonen og TV-en også. Viss eg prøver å reparere noko sjølv, blir det som regel berre verre. Eg veit ikkje kor gammal oppvaskmaskina er, men den er no ikkje frå dei 10 siste åra kan eg tru-. Eg hugsar at det var ei tid då alle el-maskinene måtte fornyast, så det kan hende det skjer no også. Men det er no ikkje eit stort problem berre eg får nokon til å sette dei på plass.
At eg måtte ta oppvasken frå ei heil veke for hand, det gjorde meg ikkje så mykje.
Etter at eg hadde vaska golv etc. og kveikt i omnen slappa eg av med TV og strikketøy, det var ikkje fristande å gå tur i dag.
Eg har no rydda ut det meste av jula, og då blir det brått litt fargelaust rundt omkring. I seinare år har eg kasta mange orkidear fordi dei aldri kom att med nye blomster. No har eg 4 orkidear ståande å blomstre, det er plantar som eg har har hatt ei stund, Den gule på bildet er den finaste fordi den har så korte stilkar. Skal tru om den varer heilt til påske? Palmesøndag er 2.april i år.
Telefonen min tullar litt med meldingar, men det går fint å ringe med den. I går ringde eg og prata både med Bodil og Ellen Marie. 
Eg skulle ringt til fleire, men eg er ikkje så flink til å ta kontakt. Der har eg eit forbetringspotensiale.
No vil eg i alle fall ønske alle ei fin helg. Det ser ut til at fredagane kjem ofte i dette året også. Eg håper dei fleste er friske og raske; eg har til denne tid ikkje hatt verken, forkjøling, influensa eller Covid. Og eg håper eg slepp å få det også.

                               God helg !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 3.januar

 Eg har ikkje moka trappa skikkeleg enno, men kanskje i morgon? Klokka er no17.56, temperaturen ute er ca minus 2 grader, ikkje så kaldt, me...