torsdag, januar 05, 2023

Dagbok 2023: 5.januar


 Klokka er no 16.23 og temperaturen ute er + 4 grader C. Eg slappar litt betre av når vi er på +-sida, for då kan eg bruke varmepumpa og slepp å fyre så mykje. For ei stund sidan kom dei med ein plog og skrapa gata såpass at eg fekk nokre store snøballar ned på tunet. Trappa mi er heller ikkje så framkomeleg fordi eg ikkje skrapa den mens det var mildt, så alt fraus til is, men no ser eg kanskje enden på elendet.

Eg trudde eg måtte sende bod på ein hjelpesmann i dag, for det var problem både med TV og telefon. Men eg fekk ordna med nytt batteri til fjernkontrollen sjølv, så det gjekk greitt . Feilen i telefonen var ikkje hos meg og no har eg fått meldingar, så då er den i orden igjen. Det som står att no, er å få tilgang til Rasmus sin NETFLIX-konto. Det hastar ikkje så veldig.

Eg synest eg er litt lat for tida, det blir ikkje gjort så mykje. I dag var vi på trening, og ein snartur på ALTI før vi kom heim. Då gjorde eg ein liten innsats med å rydde ut "jula". Eg begynte å pynte til 1.søndag i advent, så eg meinte det var på tide å ta vekk julepynten no. Jula begynner lenge før jul no, før var det etter jul at det var juletrefestar til langt ut i januar. Elles hugsar eg at søskenbarnet mitt hadde fødselsdag den 9. januar, og ein gong "avpynta"vi juletreet i selskapet hans. Det er lenge sidan no, i år fyller han 80 år.

Eg har lova meg sjølv å slutte med å hamstre -eg har lager av mat til ein heil krig-nesten. Men litt måtte eg kjøpe då Marit skulle handle på KIWI, men det var stort sett frukt og grønt og det er vel lov? Eg kan ikkje forstå at det er fredag igjen i morgon-men slik er det kvar veke synest eg. 

Eg har så mykje eg skulle ha gjort, men det passar ikkje å gjere det om vinteren. Det eg ser fram til no er at dagane skal bli lengre og lysare. Eg kan ikkje hugse at det var så mørkt før i tida- men då hadde ein vel anna å tenke på.

No sit eg mykje og strikkar-lestar opp og lestar i mente, men det er mange som frys på føtene.

Ingen kommentarer:

Godt nytt år!

 Så går vi inn i det nye året med mykje lys og smell, som vanleg - men det er vanskeleg å få fine bilde,og eg har aldri brydd meg særleg om ...