onsdag, juli 07, 2021
Dagbok 2021: 7.juli
Klokka er no 16.55. Temperaturen er ca + 20 grader C. No skin sola frå nesten klår himmel, men det er ikkje lenge sidan vi fekk ei regnbyge i dag også. Bra at himmelen vatnar, så slepp eg. Men det er knusktørt i alle bed til tross for daglege byer.I dag har eg ikkje vore så flink. Var så vidt ute i hagen ei stund,hausta inn rabarbra, som eg reinska og fraus ned. Så var eg på butikken og kjøpte grønsaker for det var eg lens for. Etterpå gjekk eg ein tur på Vernet før eg laga middag-og drakk kaffi mens eg såg ein episode av serien min. Marit og eg skulle i grunnentil Vik klokka 17, men då byga kom, avlyste ho. No snakka eg med henne igjen og vi ombestemte oss. I dag køyrer ho ned på Spar, det var noko ho skulle ha, og eg blir med for turen si skuld. Ho skulle ete middag først, så det blir om ein halvtime. Eg har ikkje fått kjøpt meg hagemøblar enno, og no er det vel snart slutt på sommarvêret- så blir det ikkje denne sommaren heller.Vi har hatt mykje fint vêr men ikkje så mykje kaffikos ute-enno.Oppe hos Marit er det kjekt å sitte på altanen hennar på sein ettermiddagstid, då er der fin sol.
Elles har vi det berre bra her i Starevegen-men eg lengtar litt tilbake til Sula.
På bildet kan de sjå at plommetrea nesten bryt saman av vekta på plommene, så her lyt det sagast.Håper at det blir ein bra plommehaust i år også, men det er fare for at mange plommer blir øydelagde av rote og anna når dei heng så tett.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no18.00, temperaturen ute er +9 grader C, og det regnar meir og mindre, På føremiddagen var det bra ver og eg tenkte å gjere litt...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar