tirsdag, april 16, 2019

Dagbok 2019: 16.april


Eirik, Erlend, Ingeborg og Amanda på kyrkjetrappa i Innvik

Klokka er no 20.10, temperaturen er + 10 grader, det har vore nydeleg vêr i dag også. No er det nokre lette skyer på himmelen, men det er ikkje så sikkert det blir vêrbyte for det.
I dag har det vore ein annleis dag. Margrete og eg har snakka om ein tur til Innvik blant anna. Og sidan bror min er den som har best greie på slektshistoria vår, spurde eg om han og Bodil ville vere med. Det var litt logistikk inne i bildet også, men vi kom i land: Eg køyrde med min bil til Volda og parkerte på kaia, tok ferja over og der stod Eirik med sin bil. Han og eg køyrde til Eid, mens Margrete og dei tre andre tok av på Hjelle og køyrde innover. Eirik og eg sat på med Bodil og Svein. Margrete køyrde beine vegen til Innvik og vi kom ei stund etterpå. Vi såg på den store, gamle fabrikkbygningen, der både mamma og bror hennar hadde jobba; mamma ei kort tid i ungdommen og Matias, bror hennar, heile sitt yrkesaktive liv. Så var vi på kyrkjegarden og leitte opp nokre av gravene. Vi fekk også komme inn i kyrkja og sjå oss om. Det er ei lita gammal kyrkje.meg støtt når  Eg er ikkje døypt der, for eg vart døypt heime i stova til mormora mi. Dette var i 1940, og krigen var i gang. Det hasta med å døype, for folk var redde for at prestane skulle bli sendt bort. Visstnok var eg velsigna i kyrkja seinare. Og eg meiner mamma og pappa vart vigde i denne kyrkja. Vi såg oss litt om i sentrum og både Svein og eg hadde litt å bidra med. Han frå gammal tid, eg frå litt nyare tid.
Det nærma seg middagstid og vi måtte finne noko å ete. Vi fann ein ganske koseleg kafé, og der bestilte vi Hamburger til alle, slik at det ikkje skulle gå altfor lang tid. Det var reine slektstreffet-med tre generasjonar. Og så hadde dei kaffi-meny på spansk! Såpass eg fekk bløffe litt. Svein trefte ein eldre mann, ein pensjonert politimann, som han kjende og fekk prate med.
Etter kvart tenkte vi på heimvegen, og vart samde om å ta den over Utvikfjellet og til Ree (På Breim) der besta kom ifrå, vi såg også huset der ho hadde gått på skule. Ho budde i barndommen høgt opp i bakkane nokså nær skulen. Kanskje var det derfor ho alltid var så lett på foten?Vi var også ned til vatnet der campingplasssen ligg, det var framleis sol og varmt. Siste etappen var å køyre til ferjeleiet på Anda og ta elektrisk ferje over fjorden. Eirik og eg måtte hente bilen "vår" på Hildegard. Eirik køyrde meg til ferjeleiet på Folkestad, så tok eg ferja over, fann att bilen min og køyrde heim. Og vi var alle samde om at vi hadde hatt ein fin tur- i eit strålande vêr.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...