onsdag, januar 09, 2019

Dagbok 2019: 9.januar

Klokka er 19.50, temperaturen er 0 grader og det har kome ein god del snø. Heldigvis trur eg den kjem til å smelte etter kvart, sidan det er meldt mildare vêr.
Dagen i dag har gått veldig fort, enda fortare enn vanleg, synest eg. Får liksom ikkje gjort noko særleg før kvelden kjem, men i dag var det i alle fall lyst ei stund.
Kva har eg gjort i dag? Jau, eg har lese ferdig boka mi, fått strikketøyet opp og stå igjen, dvs. no kan eg begynne på mønsteret , men det vil eg gjere i dagslys, så det ikkje skjer seg ein gong til.
Så fekk eg besøk av ei venninne såpass eg fekk drikke kaffi i dag også. 
Eg av-isa øvste skuffa i kjøleskap-frysedelen. Det er så irriterande at der alltid blir så mykje is. Der fann eg ein gryterett-rest som blei middag i dag, eg gjorde meg såpass umak at eg kokte poteter til.
Silje har moka tunet og bilen sin. Eg var ute og snakka med henne om boss-sortering etc. Eg kjenner på kneet mitt at eg ikkje har sete nok i ro i dag, men det får så vere. Kan ikkje visne heilt vekk heller.
I kveld har eg ikkje noko "spøt" å henge fingrane borti, til tross for diverse påbegynte prosjekt -eg manglar garn. Men eg har ein lest med eit stort hol i som eg kan bøte. Det var fint ei stund i dag-godt å sjå lyset komme tilbake.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...