fredag, oktober 05, 2018

Dagbok 2018: 5.oktober


Klokka er 17.10, temperaturen + 9 grader C og no skin det opp att. I dag har vi hatt både opplett, vind, og regn, så det har vore litt variert. 
Planen for dagen var at Solveig skulle komme innover for å få seg nytt førerkort, og så skulle ho vere med meg å shoppe klede, blant anna. Med seg hadde ho kofta som eg strikka i vår, og som ho hadde lagt siste hand på. Eg synest den blei fin til slutt. Eg hadde ymta om at eg likte det mønsteret, som eg såg på FB, og dermed fekk eg både mønster og garn til bursdagen min. Men strikke måtte eg gjere sjølv - og det gjorde eg med glede. Eg treng ikkje strikke berre lestar.
Etter at vi hadde vore på Biltilsynet, var vi ein snartur innom Hageland før vi for til Volda. Eg skulle ha meg ei ny bukse, så vi for på Møre konfeksjon-det blei to bukser. Vi var innom Janus, der eg kjøpte ei fin brun ulltrøye (ull+ silke).På garnbutikken bunkra eg opp garn; eg plar kjøpe Regia, men no hadde ho fått Opal også, så i dag vart det nytt merke. Eg har strikka Opal før, og veit at det er bra. 
Då var det tid for lunsj på kinarestauranten, der Solveig ikkje hadde vore før, så eg måtte no forklare "kinadama" at eg har to døtrer. God mat, varm og nylaga, fekk vi i dag også.
I Ørsta fekk eg bytta regnjakka i ei som var utan lyte, og så kjøpte eg meg nye, svarte gummistøvlar; dei blå eg kjøpte sist har enda som hagestøvlar, dei også, så no har eg byte. Det går hardt utover skotøyet i hagen. 
Då vi kom heim att i starevegen var snikkaren komen, og han har gjort ferdig rekkverket. Han har enno ikkje fått limt på toppstykka, for det begynte sjølvsagt å regne, men han må no likevel inn att og hente alt utstyret sitt, stillas, sag og anna verktøy. No skal eg tømme oppvask- og vaskemaskin og rydda unna litt ymse. Solveig og eg tok oss berre ein kopp kaffi då vi kom heim, vi var ikkje direkte svoltne.
For mitt vedkomande har dette vore ei sosial og aktiv veke, men eg får vel ei roleg helg. Ønsker alle ei god helg, og ein god haustferie for dei som det har.
 



2 kommentarer:

bodilingeborg sa...

Flott arbeid, Olaug. Strikkajakka var veldig fin.
Eidabesta

Besta sa...

Ja, eg strikka og Solveig monterte. Begynte å strikke på den då eg vart åleine, og strikka den ferdig for lenge sidan. Eg skulle strikke halskanten sjølv , til sist, men det blei litt plundrete så Solveig måtte ta den att og gi den siste finishen. Det var godt å ha eit litt vanskeleg arbeid den tida. Eg måtte dessutan sitte i ro med den vonde foten. Elles strikkar eg berre lestar.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...