onsdag, oktober 03, 2018

Dagbok 2018: 3.oktober


Klokka er 19.30, temperaturen er + 5 grader og også i dag har vi hatt regnbyger så det held. Eg prøver å trøste meg sjølv med at det blir lite snømoking til vinteren når vi får så mykje nedbør no.
 No er eg nyss heimkomen frå eldrefesten på kulturhuset. I dag hadde eg ikkje ansvar for noko. Ikkje var eg ned og dekka på borda ein gong, og leiar i eldrerådet sa at eg skulle sleppe å skrive, for dei var der frå Møre-Nytt. 
Så eg sette meg langt bak og slappa av. Nabo Solveig køyrde Marit og meg ned,  og så tigga eg oss skyss heim att med ei som sat ved samme bordet som oss. Det var mykje program, mellom anna eit kjempeartig kåseri. I matpausen snakka eg litt med Eli, som fortalde at der ikkje var nokon frå avisa- . Eg sa som sant var at eg er i alle fall ikkje i stand til å skrive noko referat, eg sat ikkje slik til at eg høyrde alt, og hadde ikkje notert noko. No får einkvan annan ev. ta ansvaret.Vi fekk så mykje vi ville av smørbrød, kaker og kaffi.
Føremiddagen gjekk med til diverse huslege syslar, hårfarging og fyring i omnen. Her heime har eg det varmt og godt no når eg bestemmer temperaturen sjølv, men kledde meg godt sidan det ofte er kjølig på kulturhuset - og det var det verkeleg i dag. Eg fraus som ei bikkje i ulltrøye, genser , jakke og sjal.
Det var loddsal og eg vann to gonger, først ein liten ildtopp og så ei stor korg med lyng, som eg gav bort. Eg har to lyngplantar på trappa og ein lyng på grava, så eg trong ikkje meir.
I morgon ventar eg middagsgjestar, kanskje to, kanskje fire og så kjem Solveig innover på fredag, så dette er ei sosial veke. Snikkaren dukkar vel ikkje opp att før det blir opplett og fint vêr.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...