lørdag, oktober 27, 2018

Dagbok 2018: 27.oktober

Klokka er berre 16.00, men akkurat no hadde eg liksom ånden over meg til å skrive blogg. Temperaturen er + 3 grader C 
Eg er ferdig med det eg har tenkt å gjere i dag, eg har ete og drukke kaffi, så no er det strikketøy og lydbok som står på programmet. Eg held på å lese om att dei to første bøkene i serien til Roy Jacobsen om folka på Barrøy, for no har eg endeleg fått tak i nr. 3, og eg ville friske opp att dei to første. Dei er på berre 5 CD-plater kvar så det går relativt raskt.
I dag då eg stod opp var det like kaldt og fint som i går, men etter kvart har det kome meir skyer på himmelen, og då blir det ikkje så varmt inne som når sola skin inn glasa. Ikkje råd å gjere stort ute heller. Det er for vått. Einar seier at eg berre skal la materialen ligge så kjem han og Håkon og ordnar opp-når dei får tid.
Eg vart sittande å strikke ei stund etter frokost, måtte ha dagslys for å begynne rett på lest nr. to, eg er nøye på at dei to mønstra lestane skal vere like.
Elles vurderte eg ein tur til Vik ev. til Volda, men slo det frå meg. Då eg hadde sjekka om nokon i familien kom innom i dag, og fekk vite at dei ikkje var i kjømda, tok eg og vaska og rydda skikkeleg på bad og kjøkken.
I dag var brødristaren gåen, akkurat ein dag for seint, for Gudmund leverte elektro-bosset mitt på VØR i går. Men no kan eg ønske meg ny brødristar til jul, så har eg begynt på "Ønskelista". Viss eg greier meg så lenge utan, då. Når ein bur åleine kan det vere ein fordel å riste brødet når det ikkje er så fersk lenger.
Eg skulle dusje og vaske håret når eg var ferdig med husarbeidet, men først måtte eg trimme bicepsen med litt saging i garasjen. Eg lét sånn halvvegs att døra, som vanleg, men så for den heilt att av seg sjølv. Og eg fekk den ikkje opp att same kor eg kava. Denne døra let eg opp og att fleire gonger for dag utan problem-men no var eg fanga. Innestengd i eigen garasje !! Men eg har alltid mobilen på meg, det må ein når ein bur ålene. Så eg ringde til min gode nabo, Gudmund, og han kom med ein gong og sleppte meg ut. Det er heilt flaut slik eg utnyttar naboane mine. Eg nemnde at eg ikkje hadde fått inn gullbuska mi fordi eg ikkje hadde sekkehjul, og då bar har krukka inn i kjellaren til meg.
Då gjekk eg i dusjen, fekk vaska håret og tok på meg reine klede, så no føler eg at det er helg!
I kveld skal eg heie på Ulrikke, trur eg. Eg har heile tida hatt henne som nr. to etter Ole, men han tabba seg ut med valet av song/dans førre helg. Eg går ut frå at Ella Marie kjem til å vinne, men likar Ulrikke betre. No skin sola igjen, skulle gjerne gått opp i skogen ein tur i finevêret, men er litt sliten akkurat no.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...