Klokka er 19.50, temperaturen er + 15 grader C, det har vore ein fin dag, medopplett og ein god del sol.
Eg har ikkje gjort så mykje til nytte i dag, her heime, for eg har vore ein del på farten.Marit køyrde meg ned på Amfi og kulturhuset i 11.30 tida. Skulle dekke bord til pensjonistmøtet, men då eg kom til avtalt tid, var der ferdig dekka, så det var ikkje så mykje for meg å supplere. Men eg venta på Eli som skulle lage klar til bildeframvising etc. og så køyrde ho meg heim. Ho vart med inn ein liten tur og fekk sjå seg om i hagen. Ho er veldug hageinteressert, men har ikkje så stort areal som eg.
Eg fekk brev frå el-kontrolløren og det fekk Silje også, så no blir det å få tak i ein elektrikar som kan utbetre feila. Det var ikkje så gale, ikkje meir enn det eg visste om.
Og så måtte eg ha ein samtale med snikkaren, eg må no liksom godkjenne det han gjer, sjølv om han har ganske frie tøylar.
Tida gjekk fort og snart var det på tide å kle seg om for å fare på møte. Der var det tettpakka program med song, musikk, kåseri m.m. og sjølvsagt mat og kaffi. Ser ikkje fram til å skrive referat frå møtet, for å seie det slik. Det må eg gjere i morgon.
Tysdag i neste veke blir det dagstur til Sykkylven- og då skal eg vere med. Eg lurer på kva tid eg skal få klipt graset nede i Skråninga, det er ganske langt, og i morgon er det epleplukkedag-viss eg har noko meir å plukke i.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar