Klokka er 20.25, temperaturen er + 11-12 grader C og det har regna det meste av dagen.
Godt arbeidsvêr så lenge ein får vere under tak.
I dag hadde eg planen klar; eg skulle rydde litt meir i garasjen, sidan eg venta snikkaren i kveld. Eg rydda, vaska, sorterte kasta og styrete på i timesvis-utan at det viser så mykje att av strevet. Midt på dagen fekk eg besøk av Kai Gjengedal, så vi vart sittande å prate ei stund, og etter det var eg ute i garasjen enda ei økt. Klokka var 17 før eg fekk tid å ete.
For sikkerheits skuld hadde eg tatt på meg reine klede frå topp til tå i dag. Det var berre å skrelle av seg og dusje.
Fekk ein liten pause før Øystein og snikkaren kom litt før klokka 19. Eg hadde ei vaffelrøre klar, slik at eg kunne servere kaffi og vaflar etter synfaringa. Det var godt å ha Øystein med, slik at eg slepp å ta alle avgjerder åleine. Vi har no ein plan, og i morgon begynner arbeidet, om ikkje vêret vert altfor ille. Det er vestveggen, bordkledning og nytt vindu, pluss nytt altanrekkverk, som har førsteprioritet. Så får vi sjå kva som dukkar opp. Eg er i alle fall glad for at arbeidet endeleg kjem i gang.
Eg fyrer godt i omnen i kveld, mykje av rotet er heldigvis brennbart.
I morgon må eg vel opp litt tidlegare enn vanleg, men det går sikkert bra.
Snikkaren meinte at naboen måtte berge epla sine som låg på marka. Det var mine eple, og eg plukka reint i går. Så har eg eit prosjekt i morgon også. Viss eg ikkje skal vere snikkarsvein? Fann utruleg mykje spikar og skruar då eg rydda i dag.
I kveld er det ny krim på TV-viss det er ein slik med "mørke bilde" orkar eg ikkje å sjå den. Det har vore nok av den sorten.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 25.oktober
Eg trudde vi skulle stille klokka om kvelden,så eg levde i sommartida heilt til klokka var over 12, Eg var litt i tvil om det var søndag og...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar