ANYTHING YOU TRY TO FIX WILLTAKE LONGER AND COST MORE THAN YOU THOUGHT- Murphy`s law (ei av dei)
Klokka er 17.50, temperaturen 9-10 grader C, som vanleg. Regnbyger, som vanleg, solgløtt mellom bygene, ikkje SÅ vanleg. No blæs og regnar det ute, men inne har eg det bra. Varmt og tørt. Har nettopp vore ute ei lita stund og jobba litt. Fekk abstinens av å ikkje gjere skikkeleg mannfolk arbeid i lang tid. Så eg kledde meg godt og gjekk ut og saga 9 store kubbar av plommetreet, No er det stort sett berre stammen og rota att. Brukte handsag, så eg fekk litt mosjon.
Sov dårleg utan sovemedisin sist natt, men no har eg bestilt resept, så i morgon må eg på apoteket. Det er i grunnen berre innsovningsmedisin eg får, men det verkar bra.
Eg var rimeleg tidleg oppe i dag, og fekk støvsuga alle teppegolva, det var eit visst behov!
Einar var i Volda, han ringde og ville komme på besøk. Det var sånn halvveges avtalt. Eg fann fram litt mat frå frysaren, så vi åt middag og drakk kaffi i lag. Kjekkare å lage middag til to enn til ein, ulempa er at eg må ete restar i morgon. Elles har eg prata med Eli i telefonen, vi begynner alt å planlegge for neste år i pensjonistlaget. Neste veke er det markering av Eldredagen på kulturhuset, eldrerådet har tatt heile ansvaret for den, vi skal berre dekke bord.
Har lese litt i lydboka mi, men det går treigt. Får ikkje strikka ferdig lestane eg held på med, grunna garnmangel. Eg prøver å bruke opp garnrestane etter kvart og strikke restelestar, men kjem ikkje alltid i mål. Garn har eg, men eg må liksom ha ein brukbar farge og garntype. Solveig har lagt siste hand på kofta mi - eg har strikka den sjølv, men ho har montert og vaska den. Den blei fin, seier ho. Eg snakka med henne i telefonen i går. Eirik kjem heim denne helga, Han og nokre kameratar skal visst spele i Ålesund. Audun kjem også ein tur heimom. Og så nærmar haustferien seg for dei som er i skulen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:13.September
Klokka er no ca19.30, temperaturen ute er +9 grader C , det er skya og grått +regn. Ikkje farleg å bli sittande inne ein heil dag då. For e...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar