mandag, juli 02, 2018

Dagbok 2018: 2.juli

Klokka har passert 18.30. Det er lettskya og + 18 grader. Meir sol og varme tidlegare i dag.
I dag hadde eg eit prosjekt-igjen. Det gjeld å ha prosjekt UTE så lenge finevêret varer. I dag gjekk eg ned på grensa til naboen og rydda vekk more og ugras frå muren. Sjølve muren er no heller ikkje noko å skryte av, den er ikkje murt av proffar, for å seie det slik. Men det var så tørt og fint at eg kunne flekke bort mosen utan problem. Då eg var ferdig måtte eg inn og ha meg litt mat og drikke.
Så gjekk eg ut att for eg ville køyre klipparen på murkanten slik at det skulle bli heilt strøkent. Og sidan eg var så godt i gang tok eg like godt og klipte heile skråninga. Ja, og så klipte eg like godt plenen rundt huset også, den veks noko ujamt, og graset hadde vokse bra sidan fredag. Som de sikkert har forstått så er plenklipping hobby nr.1.  Å gå med plenklipperen er som å gå med rullator, det er godt for foten-som ikkje vil bli heilt bra.
Etter siste arbeidsøkta var eg så sveitt at det var rett i dusjen til hårvask og det heile. Då eg fekk på meg reine klede vart det helg!
Når eg ikkje er sprek nok til å gå tur etc. er det godt å ha hagen å rive seg ut på. Eg tek ikkje mål til å ha ein fin og blomstrande hage, det har eg ikkje kapasitet til, men eg vil gjerne at her skal vere  velstelt og orden.
Margrete og eg skal kanskje til Ulsteinvik på likningskontoret i morgon, og då stikk vi over Eidet til Hareid. Solveig fyller 55 år i morgon!
Eg håper at det snart vert orden i alle papira mine. I dag fekk eg digi-post frå Tussa om at eg ikkje hadde betalt ein faktura som dei hadde sendt, og den forfall i dag. Eg har ikkje fått nokon faktura. Får eg rekningar så betaler eg dei straks, så det ikkje skal bli gløymt. Eg skreiv det til dei, og fekk eit "automatsvar". Eg tenkte dei kunne sende fakturaen på mail, så eg fekk betale den før forfallet. 
Så gjekk eg inn på Sparebank 1. Då viste det seg at pengane var tatt frå Nils sin konto. Han hadde avtalegiro på alle faste utgifter, så derfor har eg aldri hatt noko med slikt å gjere. Men eg har varskudd om at avtalegiroane ikkje gjeld lenger og at alle rekningar skal sendast til meg. Grunnen til at Nils sin bankkonto framleis eksisterer er at der skulle vere litt pengar att om han vart skuldig skatt. Når eg får han "ferdiglikna" i morgon, skal kontoen sjølvsagt slettast. Likningskontoret for vår region ligg i Ulsteinvik. Ein slags sentralisering. 
No er klokka snart sju, og eg slepp å finne meg fleire jobbar i dag. No skal eg strikke og sjå TV resten av kvelden. Skulle ønske eg hadde ei kjekk lydbok. Begynte så vidt på Macbeth av Jo Nesbø i går, men opplesaren las altfor fort for mitt gamle hovud-eg fekk liksom ikkje til å tenke innimellom. Ja, klokka var 2 i natt då eg begynte så det spela vel også inn.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...