Trovågen i dag.
Barnebarna på Dyngja, høgste fjellet i Trovågen.
Eg har vore heime i heile dag, men eg har hatt det kjekt, han snakka med mange og gjort litt av kvart, aberet er at dagane blir litt for korte.
På føremiddagen var eg ute og brukte kantklipparen her og der, så reinska eg bedet ved garasjen og styrte på. Men så kom Arne Ola og stoppa bilen og prata. Vi hadde mykje å snakke om i dag; han hadde vore i bryllaup til yngste sonen sin, og eg hadde besøkt ein "Grimsting" på Leikong som er "dobbel-tremenningen" til AO.
Marit U og Anne Elise var ute, så eg måtte prate litt med dei også, heilt til posten kom. I dag var det krav om betaling for grava som kom i kassa. Eg må betale for dobbelt-grav, det er som å betale for hotellrommet før ein bookar inn. Men det er heilt greitt. Eg fekk betale for 20 år med det samme, så eg får vel ikkje fleire krav. Eg er glad for at eg har nettbank, det gjer det veldig lettvint å betale, og så har ein kvittering i det samme.
Brått var klokka nesten halv fire, og eg kjende at eg måtte ha mat. Då eg akkurat var ferdig å ete ringde Einar og vi prata både vel og lenge. Han har hatt mykje jobb sidan han kom nedover, men no skulle han ha litt fri. Han får no treffe både Audun og foreldra no, reknar eg med.
Eg lurte på kva eg skulle prioritere resten av dagen, og fann ut at eg kunne lakke kjøkkeninnreiinga. Eg hadde vaska skapdører og skuffefrontar med salmiakk tidleg på dag, slik dei sa eg skulle gjere då eg kjøpte lakken. No var det tørt nok til å lakke, og det var fort gjort, men eg trur kanskje eg skal ta eit strøk til. Lakken er nesten usynleg, men eg ville sikre med at ikkje vatn skulle øydelegge treverket-det var noko slite her og der. Dette var enda eit kapittel i serien "Mor gjer noko ho ikkje kan".
Eg har ein mistanke om at skjora et opp jordbæra mine etter kvart dei modnar, så no har eg hengt ut lange strimlar av kvitt stoff på stauren, det funkar kanskje som fugleskremsel så lenge det blæs. Marit U var ute og reinska ugras og eg sette meg bort på trappa for å prate litt. Mens vi prata hadde Torbjørn, utan at eg såg det, kokt kaffi og dekka på hagebordet, så fekk eg vere i selskap i dag også. Jordbær, is og kake serverte dei.
Eg er spent på kva Margrete og borna har funne på i dag, har ikkje verken sett eller høyrt noko i dag. I morgon skal dei kome heim att.
Det er i dag Birte har fødselsdag. Gratulerer med 23-årsdagen, Birte !
1 kommentar:
Tusen takk, gode Olaug! <3
Legg inn en kommentar