fredag, juni 01, 2018

Dagbok 2018: 1.juni



Klokka er snart 20.00, temperaturen er + 24 grader C. Det har vore sol og fint i dag også, men ikkje for varmt, sidan det har vore ein liten bris.
Eg har vore mykje ute, og mykje på altanen, og hadde eit lite håp om å bli brun. Det er mange år sidan eg har sola meg noko særleg (mykje på grunn av vêret)-og det ser ikkje ut til at sola bit på meg lenger.
Først på dagen var eg ute i hagen og vatna. Naboane fortalde at det hadde regna litt sist natt, men det var ikkje råd å sjå. Så måtte eg reinske litt ugras og rydde litt opp i eføyen. Den hadde eg eit storarbeid meg i fjor, men måtte ta litt i år også. Når eg er på altanen driv eg og skrapar bort litt gammal maling. Elles er dett ikkje mykje eg får gjort her eg går og haltar. Kneet mitt plagar meg meir og meir synest eg.
Etter at eg hadde lege ei stund på solsenga med lydbok gjekk eg ut og klipte plenen rundt huset, ikkje oppe ved gata og ikkje skråninga. Vart litt forundra over at klipparen la etter seg så mykje gras, for eg klipte med oppsamlar. Då eg kom så langt at eg skulle tømme var der ingen ting o boksen. Det viste seg at eg hadde klipt med bio-innsatsen på.. Eg måtte fare over  igjen for å plukke opp litt gras. Men då var eg så låk i foten at det var så vidt eg greidde å halte inn og legge meg på altanen. Eg nærmar med slutten på ei bok som har vore rimeleg "spennande" og lettlesen.
I dag har eg berre snakka med naboane som passar to barnebarn i helga. Ikkje alle naboane er heime heller. Hadde eg hatt føter å gå på skulle eg nok ha vandra litt rundt sjølv, men eg har det bra nok.
Eg et salt spekekjøt til middag, så eg drikk i alle fall nok. Må snart fylle opp bruslageret mitt.
Ønsker alle ei god helg, og håper finevêret held så alle som må jobbe inne få seg eit par dagar ute.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...