onsdag, mai 30, 2018

Dagbok 2018: 30.mai




Klokka er no 19.00, temperaturen er + 28 grader C, tidlegare i dag var den oppe i + 29 grader. Det er heitt til å vere mai, men godt også, for oss som slepp å gå på jobb. Dvs. i dag har eg hatt litt å styre med. Solveig nabo køyrde meg ned på kulturhuset klokka 12.00, men der var det mange som hadde møtt opp før, så borddekkinga var så å seie i boks. Eli skulle lære meg å sette på songar frå laptopen-og det tok si tid. Når den eine pedagogen skal lære den andre, blir det litt hibbel. Ikkje det at det var vanskeleg, det er berre det at eg er vant til å bruke mus. Det var der ikkje. Det er sjølvsagt ikkje noko problem å bruke andre metodar, men her heime brukar eg stort sett den "store" maskina -fordi eg likar den best, og der er det berre mus. Laptoppen har det vore krøll med heilt sidan vi kjøpte den, så den får stort sett stå i fred. Eli køyrde meg heim, så eg skulle sleppe å gå med den vonde foten min, eg øvde litt her heime, så det gjekk heilt greitt på møtet.
Eg fekk ein liten pause, før Marit og eg skulle nedover. La meg ut på altanen i nokre minutt og presterte å sovne, men vakna eitt minutt før vi skulle fare. Då vart det det litt stress med å få på seg "bestekleda".
Det vart eit kjekt møte. Børre Lødemel skulle ha vore der og sunge, men han hadde mist stemma. Han hadde tipsa Eli om ein annan ho kunne spørje, ein frå Vartdal. Han kom og var veldig flink !
Vi hadde loddsal og eg vann ein sommarleg voksduk. Til mat var det Wraps med veldig godt fyll, kake og kaffi fekk vi og. Heilt til slutt var det kviss, og då var vi berre to att ved bordet våret, Per og eg. Hadde vi sett alle spørsmåla hadde vi vunne, men vi hadde hoppa over nr.1.
Det var bra frammøte tross det fine vêret. No skal eg ha på meg kvardagshabitten og sette meg med beina høgt. Vatna gjorde eg tidleg på dag.







Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...