torsdag, april 12, 2018

Dagbok 2018: 12.april

Klokka er 21.15, temperaturen er + 6 grader og det har vore strålande vêr i dag. Då eg for heimanfrå kl.15 var det + 16 grader på trappa.
Men det var kaldt om morgonen, så eg sat inne ei stund og strikka før eg kom meg ut. Eg raka litt nedanfor garasjen, men det er ikkje så mykje eg kan gjere-på grunn av foten. Sjølv om eg synest den blir litt betre etter kvart.
I dag laga eg meg seng på altanen og låg der ein times tid og las lydbok, så vart eg ferdig med ei bok som eg like godt kunne late vore å lese. Men den høvde i grunnen ganske godt til å lese på heimen, når eg sit og ser på at Nils søv. Ja, for det er no slik det har vore i seinare tid. Det har vore lite kommunikasjon, nesten ikkje TV, og lite eg kan hjelpe til med. Den einaste misjonen eg har er at eg ER der, så slepp pleiarane å komme inn så ofte.

Så kom eg heim i kveld også. Eg var litt i tvil om eg skulle forlate Heimen i kveld, men eg har god avtale med dei som jobbar der, at dei skal ringe meg om det blir kritisk, så eg tok sjansen. Nils var veldig slapp og trøtt då eg kom utover i 15-tida,( sat på med Soveig og Gudmund.) Nils hadde fått Oxycodone - tablettar og då blir han heilt slått ut, men det er betre enn å verke. Han var også kvalm, men dei laga til ein anordning, slik at han får kvalmestillande medisin rett i blodet, og det virka. For eg fekk i han litt is før eg gjekk heim. Eg har tipsa dei om at det er betre å gi han dessert enn anna mat når han ikkje har lyst på noko. Ja, han blir nok ikkje betre etter som dagane går, heller dårlegare, men det er vi budde på. Solveig kom i 20 tida og køyrde meg heim før ho skulle hente Olaug på flyplassen 21.15.

Solveig ringde til tante Anne Marie mens vi var på Heimen og gratulerte henne med 83-årsdagen. Ho hadde nettopp fått eit nytt oldebarn, men han var fødd ein time for tidleg til å få samme bursdagen som oldemora. Anne Marie vart bestemor før ho var 40 år, og no har ho mange oldebarn, eg vil ikkje skrive talet i tilfelle eg tek feil. Nils og eg har ingen oldebarn enno, men bror til Nils , som er 5 år yngre, har fleire.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...