torsdag, mars 08, 2018

Dagbok 2018: 8.mars: Kvinnedagen.

Ragnhild kom med våren.


Klokka er 21.45, temperaturen ute er + 1grad C og det har vore overskya i dag. Kor vidt det har vore nedbør er eg ikkje sikker på, for eg har vore inne.
Ei stund etter at eg hadde stått opp ringde dei frå Heimen og fortalde at Nils var blitt dårlegare og at han hadde feber. Eg hadde snakka med dei i går kveld og avtalt at dei skulle ringe om han vart verre. Men det var ikkje kritisk, så eg avlyste ikkje venninne-turen med Ragnhild, men ho kom litt før vi først hadde planlagt.
Eg fekk fornya sertifikatet mitt, vi handla mat og eg fekk tak i det eg skulle ha på apoteket. 
Så var vi heim her med varene og ho køyrde meg ut til Nils.
Eg hadde no tenkt å spandere lunsj på kafé-men eg hadde i ro på meg.
Eg var hos Nils frå før klokka 15, til etter klokka 21, og mesteparten av tida sov han. Han vakna innimellom og fekk seg drikke og litt mat. Eg trefte legen og fekk snakka med henne. Der var ingen infeksjon på gang og feberen var borte. Medisinen held det meste i sjakk og han verkte ikkje. Det viktigaste for meg er at han ikkje har det vondt. Eg testa han litt mens han var halvvegs vaken. TV stod på og der var Bjørndalen. "Kor gammal er han no", spurde eg. Svaret kom fort:"44 år". Han er klar i toppen, men i dag var hørselen borte igjen. Eg snakka med sjukepleiarane i kveld også, og har avtale med dei .Dei passar godt på Nils, så eg kan trygt fare heim.
Eg hadde lydbok med meg og fekk lese tre heile plater av Jan Kjærstad si bok BERGE. Det var ei fryd å høyre på ho som las, for ho las så roleg at ein fekk tankane med seg langsmed. Om eg berre sit der, så reknar eg med at eg avlastar litt dei som har ansvaret for han, så slepp dei å sjå inn så ofte. Eg tok ikkje imot anna enn kaffi i dag heller, så eg har ikkje ete sidan frokost. Det gjer meg ingen ting, for no har eg mat i kjøleskapet og skal snart ut og raide det.
Eg trudde eg skulle bli så bra i dag at eg kunne gå heim, men eg verkte i kneet og ville ikkje risikere å bli verre. Så eg ringde til naboen som kom og henta meg i kveld også. Eg veit at alle som stoller opp gjer det med glede, men eg synest det er vanskeleg å ta imot hjelp. Var glad så lenge eg gjekk for eiga maskin.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...