fredag, august 05, 2016
Dagbok 2016: 5.august.
Klokka er 21.30, temperaturen er + 16 grader C. Det er overskya og litt skodde i fjella, men det har vore opplett i heile dag. Får håpe på godt vêr i morgon, for då er det "Saudehornet rett opp"-dvs. motbakkeløp på tid. Tru ikkje eg stiller i år heller. Det blir sikkert mykje liv i sentrum, men trur ikkje vi blir med på det heller.
Føremiddagen i dag gjekk med til diverse husarbeid, blant anna støvsuga eg alle teppegolva. Nils måtte halle seg nedpå ei stund, men så ringde Kjell, og Nils var ut og henta heim både makrell, sei og lyr. Dei to sistnemnde skal bli fiskekaker i løpet av helga.
Eg var ikkje heilt god i ryggen i dag, så eg hadde meg ein pause på sofaen med Lahlum-krim.
Margrete og Solveig ville kome ein tur i 18-tida, så det vart til at eg fann fram takka og steikte sveler. Kakelageret mitt i frysaren nærmar seg null, så no må eg snart til å fylle på igjen.
Det var kjekt med besøk av døtrene, sjølvsagt ! Solveig hadde med blomster og kofta som ho hadde strikka til Margrete. Rosene som vi fekk av Margrete 22.juli blomstrar enno, så dei held oss oppgraderte.
Elles har eg hengt ut klede, tatt inn klede etc. Som ho sa, bestemor Hilda: "En husmor har aldri fri."
Synest det har vore skrøpelig med TV-program i sommar-det er nesten som ein ser fram til haust og vinter....Nei, absolutt ikkje. Skulle gjerne hatt sommar heile året.
No får eg ønske alle ei god helg, og god tur til dei som skal ut og reise.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no18.00, temperaturen ute er +9 grader C, og det regnar meir og mindre, På føremiddagen var det bra ver og eg tenkte å gjere litt...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar