torsdag, november 26, 2015

Dagbok 2015: 26.november


Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er + 5 grader C og det har vore mørkt lenge. I dag tridleg var det så mykje snøsørpe på vegen at plogen måtte køyre forbi.
Nils og Matias hadde tenkt seg ut og fiske, om vêret var bra. Men då Nils stod opp var det verken godt vêr eller gode meldingar. Eg vakna ikkje før framimot klokka ni i dag, elles plar eg no vere oppe ein time tidlegare, minst. Eg sov som eit murmeldyr sist natt.
Sidan det ikkje vart fisketur og vi ikkje hadde noko anna på programmet, meinte eg at vi kunne fare på ein handlerunde. Målet var Jacobsen i Volda. Og så snart det er snakk om Volda, tenkjer Nils: KINAMAT. Men sidan det var så tidleg på dag, kunne vi gjere nokre ærend først.
Eg hadde lyst inn på Gjenbruk og sjå etter om eg fann delar til juleservisa som Solveig og Rasmus har - det fann eg ikkje, men eg fann noko anna som vi "trong". Kan ikkje gå ut att tomhedt heller.
Så stakk vi oppom El-kjøp og sikra oss to posar av yndlingskaffien vår, det er heile bønner som vi mel sjølve. I seinare tid har vi brukt av kaffien som Nils fekk av Einar, den er også veldig god - og den er ferdig melen.
Hos Jacobsen i Volda jobbar det mange utlendingar, men i dag var vi ekspedert av ei norsk jente. Det er litt lettare å forklare kva ein vil ha då. Men utlendingane er også flinke. Vi kjøpte oksekjøt og dampamòr. Nils vil kjøpe fåreribbe ein annan stad. Men vi får no sjå.
Så var klokka så mykje at vi kunne gå på kafe. I dag tok vi "dagens".
På heimvegen var vi oppom Plantasjen og kjøpte to små amaryllisar, ville ikkje kjøpe så mange enno i tilfelle alle spratt ut lenge før jul, og så kjøpte eg nokre lys til pynt i lysestakane.
Eg hadde tenkt meg inn på "Julebutikken" i Ørsta, men etter å ha tatt ein kik i vinduet, fann eg ut at der ikkje var så mykje av interesse.
Siste stopp var Amfi. Eg hadde behov for nokre ingrediensar, så det vart litt matvarer opp i korga i dag også.
Nils fekk ei Mummi-skål til bursdagen sin i fjor. Den brukar han fleire gonger for dag til havregryn og melk, kavring og melk etc. Etter kvart "måltid" vaskar han den sjølv. Eg har tenkt at han kanskje kunne hatt ei til, så i dag fekk han det i forseinka bursdagsgåve med meg, og sidan dei var halv pris på Kitch`n kjøpte eg like godt to. Eg er medlem. Nemlig.

1 kommentar:

solveig sa...

Dei skålene er fine både til store og små!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...