Klokka er 21.00, temperaturen ute er + 10 grader, det har vore overskya i dag og litt regn. Sjølv har eg ikkje vore ute for ei dør, så eg har ikkje hatt noko føling med vêret.
På programmet mitt i dag stod:støvsuging. Men det vart gjort med litt mindre presisjon enn vanleg, sidan vi venta ein litt spesiell gjest i dag-han de se på bildet over. Har skal vere hos oss til søndag eller mandag. No ligg han nedmed føtene mine, på bildet sit han på fanget til Nils. Eg er ikkje sikker på om eg er mormor eller oldemor, men av ein eller annan grunn kallar eg meg sjølv "farmor" når eg snakkar med han.
Vi åt berre nokre grillpølser til lunsj i dag og hadde så smått tenkt å sløyfe middagen.
Til Margrete kom, steikte eg sveler; eg er framleis på begynnerstadiet i svelekunsten, så eg må øve så ofte eg kan.
Ei stund etter at Margrete var reist, ringde det på døra. Det var Jørn som kom med krabbar. Nils koka dei og reiste på butikken etter loff. Det var ikkje mykje mat i krabbane, men vi vart no mette. Eg er veldig intolerant overfor hummar, så det kan eg ikkje smake. Trur ikkje krabbe er heilt trygt heller.
Eg har vore mykje plaga med verk i det siste, men i dag har eg vore veldig bra. Eg hadde alt meldt avbod til Haustkonferansen i Ulsteinvik i morgon, så eg blir heime med Charlie. Nils og Eli reiser.
I dag har eg fått strikka aldri så lite også, og høyrt på lydbok.
Charlie har buret sitt med seg, men om det går som sist vil han heller ligge ved fotenden i natt. Han er så fin og nyvaska at det går heilt bra.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 23.desember: GOD JUL
Klokka er no 18.20, temperatur-målaren står på 0, det er opplett-og på markane ligg det litt snø. Eg håper i mitt stille sinn at det ikkje...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Kjekt med hund når ein har den låns. Vi kosar oss med Mira denne veka - og eg må kome meg ut å gå, noko som gjer veldig godt.
Det var en skikkelig fining du hadde fått på besøk!
Legg inn en kommentar