søndag, november 02, 2014

Dagbok 2014: 2.november

Klokka har passert 17.30, temperaturen er + 11 grader C, og det er framleis mørkt og vått ute. Eg greier ikkje å venne meg til dette mørkret.Ventar på at sola skal komme fram igjen. For øvrig så held eg meg inne og varmar meg, for ankelen, spesielt den, er ikkje god.
Nils tok opp agn i går kveld og tenkte seg til med å egne liner i dag, så eg la mine planar. I dag baka er tre Ingers brød, hadde tenkt å sette ein deig til, men mangla gjær. Så shina eg opp kjøkkenet etterpå.
Elles festa eg tråder i eit lestepar, og bøtte eit anna, og så la eg opp ei hue og begynte å strikke på den. Alt mens eg høyrde på Trude Teige si hittil siste bok "Jenta som sluttet å snakke".
Vi åt røykelaks i går, i dag blei det steikt laks til middag. Oppdrettslaks likar vi best steikt, synest den blir for feit til å koke. Vi hadde heimelaga remulade til og råraspa gulrøter. Det var godt. Vi et faktisk ganske sunn mat, med mykje fisk og grønsaker.
Nils egna ferdig lina, og fraus den igjen. Kva tid den skal i sjøen er eit ope spørsmål. Han lyt vel sjå an vind og vêr. No gjer Nils seg klar til å sjå fotball på TV, så då får eg lese og strikke.

1 kommentar:

solveig sa...

Her vart det fiskekaker i dag!

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...