tirsdag, mai 06, 2014

Dagbok 2014: 6.mai.



Klokka er 17.30. Temperaturen ute er + 13 grader. Det regnar litt av og til, men Nils styrer med noko ute, og eg trur eg skal ut sjølv også.
Vi starta dagen ute. Nils fileterte fisk, blant anna, og eg gikk løs og rydde beddet ved nabogarasjen. Der var ein gyvel som har spreidd seg over eit stort område, eg klipte vekk mykje, men reknar med at der er liv i rota så den veks opp att. Problemet var at der var fullt av skvalderkål innimellom. Vi la litt ny mold over, så ser det bra ut ei stund. Så kom Nils og sa at han hadde eit ærend på Rystelandet, og viss eg vart med, kunne vi fare på Plantasjen også. Det gjorde vi, og til kjøkkenkassane i år vart det meir og mindre tilfeldig kjøpt margeritter og blå stemors - og så er huset raudt. Som de ser lever "Gulltreet" i beste velgåande, det står i vaskekjellaren om vinteren, og det har gått fint til denne tid.
Eg hadde i grunnen ikkje tenkt å kjøpe inneplantar i dag, men når orkideane kostar 79kr./stk. så er det vanskelig å la vere å kjøpe. 
Elles så sprett tulipanane ut litt kvar dag, nokre er nesten avblomstra, andre står i knopp, det er bra, så varer blomstringa lenge.




Då vi kom heim frå handlerunden laga eg middag, mens Nils styrte på ute. I dag laga eg ein rett eg har lært av Rasmus. Skar nakkekotelettar i strimlar og bruna på steikepanna. Så hadde eg over rikelig med Pesto og serverte spaghetti (grov)til. Det er godt!
Det er to i slekta som har fødselsdag i dag. Det er Stein-Inge på Eid og Lise i Stryn. Vi gratulerer dei begge med dagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...