mandag, mai 26, 2014

Dagbok 2014: 26.mai

Klokka er 21.00, temperaturen ute er + 12 grader og skodda heng langt nedetter fjellsidene. Då eg stod opp i dag, var det skodde og vått på gata, men det letta litt utover dagen. heilt fint blei det aldri. Det var greitt å jobbe ute, men for kaldt å sitte i ro; kald vind var det også.
Nils var vekk då eg vakna, men eg visste at han hadde tenkt seg ut og fiske. Etter at eg hadde ete frokost sette eg ein brøddeig, og då kom han att. Han hadde fått ein torsk, ein liten sei og to fine lyrar. Dei to siste skal forvandlast til fiskekaker i løpet av morgondagen. Torsken og den vesle seien vart middag i dag.
Etter at eg hadde fått brøda i omnen, sette vi i gang med å skure og spyle altanen, dvs. den støypte delen på nedsida av huset. Trur den blei bra!
Då brøda var ferdigsteikte sette eg i gang med hagearbeid, mens Nils fekk seg ei kvilestund. Eg rydda alle bedda, klipte kantar osv. Det var kjekt å ha noko å gjere ute.
Etter at vi hadde ete middag blei det lydbok og strikketøy for mitt vedkomande. No er eg snart ferdig med boka eg held på med, så i morgon må eg ein tur på biblio igjen.
Eg var spent på korleis det skulle bli med hofta mi etter turen i går, men det har gått heilt fint.. Litt kjenner eg, men ikkje noko å klage over.
Elles prøver eg å følge med i lærar-forhandlingane, men er sikkert ikkje nok informert. Om det ikkje angår meg lenger, så har eg tross alt mange familiemedlemmer som jobbar i skulen.
Wenche og Rasmus har sikkert ei oppleving for livet i dag; dei er på Rolling Stones-konsert i Oslo.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Årets bilde? Kjedeleg at de har så mykje skodde, det er sjeldnare her, men vi har ein del vind, så sjølv om sola skin, er det kjøleg. Trur det må vere eit vêrskilje nord om Stad.

Besta sa...

Heilt sikkert, Bodil. Hugsar frå den tid vi reiste oftare til Eid, at det var berre å kome seg over Stigedalen, så skein sola. I dag, tysdag, skin sola her også.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...