Klokka er 19.15; temperaturen ute i skuggen er + 13 grader C, og det har vore enda ein nydelig dag.Men det er framleis kaldt om nettene, så ein må vere forsiktig med kva ein set ut av plantar etc. Dei eg har ståande på trappa toler kulden, men "gulltreet" vårt har vi ikkje bore ut enno. Som de ser av bildet er plenen fin og grøn etter all hønsegjødselen han fekk tidlegare. Det som ikkje kjem så godt fram, er at det er blått i blått av Scilla, som er store og kraftige i år.
Dagen i dag har gått med til å få hovudet og tinga på plass. Vi var nok litt slitne etter turen i går, men er ved god helse. Eg hengde på plass alle kleda eg hadde pakka, veldig lite av det var brukt, og så vaska eg det vi hadde skitna til, og hengde det ut.
Stod lenge ute i vegen og prata med eit par nabodamer; det er slik her at vi går ikkje så mykje inn til kvarandre, men når det er finever, kan vi stå ute og prate i det uendelige.
Låg ei stund på altanen og sola meg med lydbok på øyret. Det var ikkje så mykje eg fekk med meg av innhaldet i boka, for eg har ingen problem med å sove i sola ute.
Til middag i dag vart det steikt fisk, og det smakte godt, som vanlig.No skal Nils ut og sjå etter båten, og er det stilt, tek han ei runde ut på sjøen for å fiske.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 21.oktober
Klokka er no17.05, temperaturet ute er +14 graderC, det er skya men opplett. Det er ikkje slik at eg er heilt bra i foten, men eg har funn...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar