onsdag, april 02, 2014

Dagbok 2014: 2.april

 Singerheimen september 2013

Klokka er ca 20.30, det er overskya og + 6 grader ute. Det har vore ein litt råkald dag utan sol. Litt uvant etter alt finevêret.
I går gjorde eg ikkje det skapte grann, og i dag har eg gjort mindre, i alle fall her heime. Eg skulle møte opp på Bakk-Ola-marka klokka 11.00 i dag for å planlegge "Verdens aktivitetsdag" , som eigentlig er den 10.mai, men som vert flytta til den 9. sidan Bakkola ikkje er ope på laurdagar. Ja, vi skal sjølvsagt ikkje planlegge heile dagen for alle, berre for pensjonistar og dei som elles bur på Bakkola. Eg har i grunnen ikkje så mange plikter, men møtte som representant for pensjonistlaget.
Etter at møtet var slutt fann Nils og eg ut at vi ville slynge litt, sidan det var lenge sidan sist. Eg skulle kjøpe meg ei bukse og Nils ei jakke.Vi for til Volda. Og så fann vi ut at vi måtte sjå korleis det gikk med Kvivsvegen, hadde ikkje køyrt den sidan sist haust. No fekk vi køyre gjennom den nyaste tunnelen også, men der er kolonnekøyring, så det vart litt venting. Elles står der att ein god del vegarbeid.
Men det blir fint.Eg beundrar desse flinke mennene som lagar dei finaste murar av store steinar med hjelp av ei gravemaskin.Eg vil nesten kalle det kunst-eller ikkje berre nesten. Eg er godt over middels interessert i vegbygging av alle ting.
Vi bestemte oss så for å ete middag på Grodås, på kafeen på Raftevoll hotell. Vi bestilte nydelig biffsnadder med salat og pommes frites; potetene var heilt nylaga. Det smakte godt. Kaffi fekk vi også.( Hadde med kamera, men tok ingen bilde i dag.)
Vi hadde tenkt å handle mat på heimvegen, men gløymde heile greia og køyrde rett forbi butikken. Ja, det kjem ein dag i morgon også! Då skal vi ha gleda av barnebarnbesøk på kveldstid, mens Margrete er på teater.
Mykje interessant i Regionavisa i dag. Blant anna intervju med ei "gammal" studieveninne og ein artikkel om Singerheimen i Olden.
Singerheimen har eg høyrt om frå eg var lita, for pappa brukte å køyre overlege Wennevold og frue dit inn ein gong for året, og han hadde mykje å fortelle når han kom heim. Sjølv har eg vore der ein gong, det var  då mamma fylte 70 år og vi feira dagen der. Då var Bodil og eg "downstairs" og pynta kaker i eit kaldt rom ved sidan av kjøkkenet. (Det var i juli månad). Det var ei oppleving å sjå seg om i heile huset.
Eg hugsa også kista til Singer som stod i eit kapell ovafor sjukehuset, fru Singer levde enno den gongen. Vi brukte å stå og kike inn glaset og sjå på den. Eit amerikansk flagg låg over kista.
I morgon skal eg gjere litt husarbeid og i tillegg skrive eit lite avisinnlegg.Godt å ha planen klar. Nils har tenkt seg på sjøen.

5 kommentarer:

Hildegard sa...

Ja, mykje kjekt å lese frå Nordfjord i Regionavisa. Såg også at barnebarnet dykkar, Eirik - og "Lommerosk", går vidare til Landsmønstringa i Trondheim. Gratulerer!

Besta sa...

Takk for det. Elles må de lese om Anne Bjørkedal, som eg gjekk i lag med på norsk grunnfag. Ho er blitt litt spesiell.Var det vel allereide då.

Bjørg sa...

Høyrest ut som ein kjekk dag.

solveig sa...

Mormor sin 70-årsdag er ein av dei dagane som gjorde sterkt inntrykk på meg. Det var kjekt å sjå alle husa der, og ikkje minst sengene. Elles har eg ei kjensle av at vi såg ein farge-TV ein stad med svake fargar?

solveig sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...