fredag, april 25, 2014

Dagbok 2014: 25.april

Klokka er ca 19.30, temperaturen ute er+13 grader C og sola skin.I dag tidlig trudde eg det var slutt på finevêret, for det var overskya og litt kjølig, men utover dagen var det finare, og til slutt var det heilt nydelig. Ikkje knallvarmt, men vi er jo enno i april.
Vi var ute i hagen og jobba litt på føremiddagen, men det heilt store vart det ikkje. Blant anna fekk vi reinska vekk litt gras frå hellene ved tilbygget,(Under).
Eg hadde avtale med gamle kollegaer klokka 13, så Nils og eg for nedover litt før, så vi rakk å stikke innom biblioteket og Amfi først. Så var det gjort. Då eg kom heim vart det til at vi la oss ut på altanen-eg med lydbok; ei bok så kjedelig at eg sov meir enn eg las.
 No har eg lagt i hop klede etc. mens Nils har styrt på ute. Han held på å lage seg ein mini-potetåker. Han likar best å styre med plantar som gir etande frukter. Blomster er ikkje hans greie. Eg kosar med med å sjå på alle vårblomstrane. Det spirer og gror frå alle løkane eg sette sist haust. I morgon har vi planar om plenklipping, men kan ikkje klippe heile plenen på grunn av løkblomster som står att frå den tid vi hadde bed nedst på plenen.
I dag har Wenche fødselsdag, og vi gratulerer.Det blir vel ei fellesfeiring med dei to eldste gutane som fyller 8 og 12 år- 2.og 16.mai.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...