Klokka er 20.40, temperaturen ute er ca +14 grader C; det høgste vi har registrert i dag er + 22 grader C. Dette er vel den sommaren vi får, så det er berre å nyte dagane så godt ein kan.
Nils var tidlig oppe og for ut for å fiske i lag med Mathias. Dei fekk eit par store seiar kvar + nokre små. Så det blei kokt småsei på oss i dag.
Eg plar vere effektiv når eg har føremiddagen åleine heime, men eg er ikkje komen i siget etter påske enno, så det vart ikkje så mykje gjort. Pusla litt i huset, strauk nokre klede etc. Då Nils kom heim, åt vi litt lunsj og så la vi oss ut på altanen ei stund, før arbeidslysta kom sigande så vi fekk gjort litt hagearbeid. Eg har starta "kampen mot skvallerkålen" i år også, "same procedure as every year".
Etter at vi hadde ete middag i 18-tida, la eg meg ut att på altanen og las ut boka mi. No har eg vaska håret og shina meg skikkelig opp etter hagearbeidet.
Som de ser av bildet har plommeblomstrane sprotte ut i dag, og her er i alle fall ei humle, vi ser humle rett som det er, men veit ikkje om det er den samme eller om her er fleire. Vi må ta vare på humlene om folk skal overleve på jorda, seier dei.
I dag har svigerinne Bodil fødselsdag og vi gratulerer ! Vi skal ha oss ein tur til Eid snart, men trur vi ventar til det skyar over.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:30. juli
Klokka er no18.39, temperaturen ute er + 18 grader C, det er både skyer og sol, og i løpet av dagen kan det hende det har kome litt regn, me...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar