søndag, oktober 27, 2013

Dagbok 2013: 27.oktober

Når vi går langs Rossåa kan vi sjå over til andre sida av elva, der vi budde ein gong.
Klokka er snart halv åtte. Det har vore ein fin dag, lettskya med ein god del sol. Temperaturen er + 6 grader C.
Vi venta med å sette klokka tilbake til i dag, så vi fekk ein relativt lang føremiddag. Eg brukte den ekstra timen til å rydde nokre skuffer, blant anna og til å gjere unna noko "kontorarbeid".
Då det lei litt på dag gikk vi tur. Vi køyrde fram til gravplassen på Øvre Mo og gikk langs elva Rossåa framover Dalateigane, det er området mellom elva og setrevegen til Mosetra. Det er eit stort, flatt område, som blir brukt til beite, mellom anna.
 
Merkelig at det ikkje er meir dyrka. Det var vått og skite å gå der i dag, så det var godt å gå å vegen tilbake. Vi gikk same turen i vår, men då i motsett retning. Det er ein fin og populær tur, men same kvar ein går eller køyrer, er det mykje gammal halvroten skog som øydelegg inntrykket av vakker natur. Slik er det også i dette området. Og ein annan ting er at den gamle oreskogen er eit eldorado for flått.
Noko vi la merke til i dag var at vegen går i slike krokar og svingar at ein misser litt taket på kvar ein er og kva ein ser. I dag vart eg forvirra over å få gardane i Nupen og Helgehornet inn på same bildet.
Då vi kom tilbake til bilen, tok vi ein liten tur på kyrkjegarden. Det er vemodig at så mange av naboane våre, og andre kjende, alt ligg der. Det er ikkje så mange år sidan gravplassen vart tatt i bruk.
Vi hadde ikkje planlagt middagen i dag, så Nils dukka ned i frysaren og fann nokre grillpølser. Så får vi heller ha "søndagsmiddag" i morgon når Margrete og Eirik kjem.
Eg måtte ligge lenge på sofaen etter middag, for eg er ikkje så veldig sprek for tida. Eg slit med å komme gjennom den MP3-boka som eg held på med. Skulle lagt den vekk for lenge sidan, men no må den vel snart vere slutt?
I går snakka vi med Rasmus i telefonen, og så var minstemann på tråden: "Det er Ingarrrr !"-han er så kry av dei fine rullande r-ane sine. Eg spurde om han visste kven er var, og han meinte det var bestemor, men då måtte eg skuffe han med at det berre var farrrr-morrr. Bestemor er bestemora på Kongsberg. Det er så synd at dei er så langt borte, blir liksom ikkje så godt kjend med dei.
No har eg site og rippa ei bok på 16 CD-plater, mens eg har strikka og høyrt lydbok. Multitasking her.
I dag fyller Bjørnar på Eid 18 år, og vi gratulerer!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...