Klokka er snart 16.30, temperaturen ute er + 15 grader C; det er overskya og det regnar innimellom. Der var ikkje det som var meldt på yr.no !
Vi var relativt tidlig oppe i dag, og då blir dagane lengre og ein får gjort meir. Ny oppdaging! ?
Vi har nettopp vore nedover og handla litt, og no skal eg snart lage fiskesuppe til sein middag.Slik mat passar best å ete når ein kan slappe godt av etterpå.
Før middag var Nils nedover og klipte seg, mens eg støvsuga, blant anna. Etterpå var eg ned på kjellarsoverommet og ommøblerte litt. Blant anna kasserte eg ein del bøker og kasta i papir-bossdunken. Noko slikt har eg aldri gjort før, men eg må berre sjå i augene at somme bøker er heilt verdilause, både for meg og andre. Men så finn ein ein og annan skatt. Eg fann ei bok om stoveplantar, kjøpt i 1972. Eg hugsar at eg blada og las mykje i den, mellom anna lærte eg dei fleste plantenamna på latin. Artig er det å legge merke til at det er mote på blomsterfronten også. Mange av dei plantane eg hadde den tida, finst ikkje i handelen lenger, mens orkidear har overtatt nesten heile markedet. Hugsar de "spraglene"- det var noko som alle hadde i fleire variantar. Ja, det vart eit lite flash back.
I dag var vi ein tur på Jysk. Det vi skulle ha, fann vi ikkje, men eg fekk nye puter til kjøkkenstolane. I etasjen under fann eg fine små filleryer til rommet i kjellaren.
Sidan det regnar ute, har vi ikkje fått prøvd den nye kantklipparen, men det kjem vel tørrare dagar.
Fekk melding frå Rasmus. Dei er i Sunne, etterpå skal dei til Lillehammer og så kjem dei hit om 5-6 dagar.
Solveig har vi ikkje høyrt frå, men reknar med at dei er heime i god behold. Det er vel litt av kvart å ta tak i når husmora har vore fråverande i over ei veke.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 21.oktober
Klokka er no17.05, temperaturet ute er +14 graderC, det er skya men opplett. Det er ikkje slik at eg er heilt bra i foten, men eg har funn...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Gutane hadde både vaska og klipt plen. Men det vert ein del å gjere uansett. Eg fann til dømes ut at det var lurt å vaske kjellarkjøleskåpet. Eg såg på yr at eg berre kunne henge ut kleda...
Legg inn en kommentar