Klokka er 21.00. temperaturen ute er + 19 grader C. Det har vore lettskya, og fint i dag, men den strålande sola som yr lova oss, har vi ikkje sett så mykje til.
Dagen i dag har vore nokså sløv, mykje "mat og prat", men det går an det også i ferietida. Nils og eg var ein tur nedover før middag og handla litt. Ein tur innom biblioteket vart det også.
Minstemann har funne seg ein venn i kjellaretasjen og eit par til i nabolaget, så han hatt det travelt.Særlig sidan ein katt også vart innlemma i flokken. Dei to store gutane har slappa av med diverse digitale duppedittar.Dei er fredelige og greie og treng kanskje ein pause etter alle "landa" dei har vore innom hittil i ferien.(Legoland, badeland, zoo og Hunderfossen m.m.)
Det vart kylling m.m. til middag i dag. Store, tunge middagar passar liksom ikkje så godt om sommaren.Eg har ikkje vore ute og trimma i dag,det vart ei økt på sofaen med lydbok i staden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar